Nørvøya eller Nørve er ei tettbygd øy og ein bydel i Ålesund kommune på Sunnmøre. Nørvøya er arealmessig den nest største av dei fire øyane som tilhøyrer byområdet Ålesund. Øya er bunden saman med sentrumsøya Aspøya via Hellebrua i Brosundet. Ålesund kommune omfattar likevel langt fleire øyar. Byfjellet Aksla på 135 moh. ligg på Nørvøya med restauranten Fjellstua.

På øya ligg dei austlege delane av det kommersielle bysentrumet, høgskulen, rådhuset og AaFK sin heimearena. Øya har om lag 10 400 innbyggjarar.

Namnet Nørvøya kjem av norrønt Nyrvi, eller 'den smale øya'. Jamfør Norvasund, det norrøne namnet på Gibraltarsundet.

Folketalsutvikling: 1900Folketeljing 1900 for Ålesund kjøpstad, frå Digitalarkivet 2000Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå 2024 8026 8598 10 396

Kjelder

Litteratur Sandnes, Jørn og Stemshaug, Ola (red): Norsk stadnamnleksikon, Oslo 1997. ISBN 82-521-4905-7

Kategori:Øyar i Ålesund