mini|Strasbourg-eidane i ei bok. Frå ei utstilling vedMusée historique i Strasbourg en 2012. mini|Hotellrom i Strasbourg dekorert med teksten på moderne fransk.

Strasbourg-eidane (, , ) var gjensidige løfte om ein allianse som blei utferda den 12. februar 842 mellom Ludvig den tyske, kongen av Austfrankarriket, og halvbroren hans Karl den skalla, kongen av Vestfrankarriket. I eidane lova dei å hjelpa kvarandre mot broren sin Lothar I, som herska over Mellomfrankarriket. Eidane blei inngått i Strasbourg, der dei to kongane òg hadde samla hærane sine.

Strasbourg-eidane finst nedteikna på tre ulike språk: mellomalderlatin, eldre galloromansk og gammalhøgtysk, alle skrivne med karolingisk minuskel.

Historisk og språkhistorisk tyding Teksten til eidane er av tyding både historisk og språkhistorisk. Han er det fyrste kjende dokumentet som er skrive på eit romansk språk, og spesifikt på eit galloromansk språk.

Dokumentet er òg ei viktig kunnskapskjelde til ein tidsperiode i det karolingisk-frankiske riket. Den vanlege historiske tolkinga av denne fleirspråklege teksten har vore at det at han finst, styrkar hypotesen om at riket i 842 hadde byrja splittast i ulike proto-land og byrja utvikla ulike språk og skikkar.

Ein del historikarar har likevel danna ei annan tolking i seinare år: at Frankarriket bestod av fleire regna (laust omsett som kongerike), som hadde halde på ulike skikkar og dialektar frå eldre tider.

Eidane blei skrivne ned av Nithard, ein frankisk historikar som lik kongane var barnebarn av Karl den store. Teksten har overlevd i to manuskript som i dag er ved Det franske nasjonalbiblioteket. Det eine blei laga kring år 1000, og er kjend som Latin 9768. Eidane er i folio 13.Humphrey Illo, « Quelques observations sur les Serments de Strasbourg et sur le manuscrit qui les contient (Paris, Bibliothèque nationale de France, latin 9768 Xe s., f. 13 recto : 2e col., 13 verso : 1re col.) : commentaire, transcription critique, étude codicologique, fac-similé », in Bulletin de la Société des Fouilles Archéologiques et des Monuments Historiques de l'Yonne, no. 16, June 1999, pp. 83-92 ; G. de Poerck, « Le manuscrit B.N. lat. 9768 et les Serments de Strasbourg », in Vox Romanica, t. 15, 1956, pp. 188-214. Det andre manuskriptet er ein kopi av det fyrste frå 1400-talet. Det har nemninga Latin 14663.

Romansk tekst

Eiden til Ludvig den tyske er nedteikna som følgjer:

Engelsk omsetjing:

Hæren til Karl den skalla svor at: Engelsk omsetjing:

Germansk tekst Eiden til Karl den skalla er nedteikna slik:

Dette følgjer eiden til Ludvig nøye, bortsett frå at noko som tilsvarer «et in aiudha et in cadhuna cosa» verker å mangla. Soldatane til Ludvig svara:

Dette svarte til det Karl sine soldatar hadde sverja.

Bilete Dei romanske delane frå folio 13r med digitale faksimiler:

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Strasbourg-ederna» frå , den 10. november 2023.

Denne artikkelen bygger på «Oaths of Strasbourg» frå , den 10. november 2023.

Kategori:Internasjonale avtalar Kategori:Strasbourg Kategori:Manuskript Kategori:Galloromanske språk