Jonas Schanche Kielland () var ein jurist frå Stavanger, ordførar 1908–1909 i heimbyen og stortingsmann 1910–1912 for partiet Høgre. Han var son til Jacob Kielland og syskenbarn til Alexander Kielland.

Karriere Jonas Kielland vart cand.jur. i 1886 og arbeidde dei neste to åra som sorenskrivarfullmektig i Karmsund og Hesbø. Frå 1889 til 1910 overrettssakførar i Stavanger. Han var medlem i bystyret frå 1902, ordførar 1908–1909. Hausten 1909 vart han vald inn på Stortinget frå einmannnskrinsen Holmen i Stavanger. På Stortinget var han sekretær i Militærkomitéen.

Åra frå 1911 til 1917 var Kielland borgarmeister i Stavanger. Deretter var han kriminaldommar (dommar i strafferettssaker) ved nyoppretta Stavanger kriminaldommarembete. I 1920 fekk han stillinga som byfut i Stavanger.

Kielland hadde ei rekke verv i næringslivet i Stavanger og amtet. Han var den siste av Kielland-slekta som budde på Ledaal, gravlagd der.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914.

Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Norske embets- og tenestefolk