mini|Bilete av eit ovstort sáhkku-spelsett på Varanger Samiske Museum i Unjárga / Nesseby, 2018. Frå venstre til høgre: Rad med kvinnelege soldatar, mannleg soldat, dronninga til mennene, kongen, dronninga til kvinnene, kvinneleg soldat, rad med mannlege soldatar. I framgrunnen: Tre sáhkku-terningar. Settet er laga av Roger Persson. Foto: Mikkel Berg-Nordlie. Sáhkku er eit samisk brettspel. Spelet har tradisjonelt vore utbreidd mellom nordsamar, skoltesamar, Inari-samar og lule-samar, men det kan òg ha vore spela i andre delar av Sápmi.

Spelet vart motarbeidd av kristne prestar og læstadianske misjonærar, som meinte at spelet var ei leivning av den før-kristne samiske religionen. Grunna fornorskingspolitikken fall sáhkku ut av bruk på 1950-talet, men sidan den gong har spelet fått ein oppsving, og nye spelsett har kome i bruk. Dei seinaste åra har ein også sett i gang eigne sáhkku-tevlingar i både Noreg og Sápmi.

Reglar Sáhkku er eit eliminasjonsspel, der spelarane flyttar brikkene langs eit spor med mål om å eliminera brikkene til motspelaren. Mange ulike variantar av sáhkku har vorte spela i ulike delar av Sápmi. Munnleg overføring av sakku-reglane frå generasjon til generasjon stogga for det meste opp på 1900-talet (sjå Sáhkku i dag). Nokre av dei lokale variantane har overlevd fram til vår tid, medan andre har vorte rekonstruerte basert på ein kombinasjon av minner og skriftlege kjelder. Andre stader att har ein berre fragment av lokale reglar skildra i gamle dokument.

Brettet

Eit sáhkku-brett (sáhkkufiellu, bircunfiellu eller sahkkulávdi) kan tradisjonelt verta utforma på fleire ulike måtar. I den enklaste av dei er eit sáhkku-brett forma som tre parallelle rader med korte liner. Brikkene er plasserte på desse linene. Linene vert kalla sárgat (ein sárggis) på samisk.

Det er vanleg å teikna korte liner som er vertikalt bundne til kvarandre, slik at brettet ser ut til å innehalda ei enkelt rad med svært lange liner, men spelet vert likevel spela som om det var tre særskilte rader med liner. Slike brett har ofte tre horisontale liner som kryssar dei vertikale linene, for å illustrera at linene er delte i tre parallelle rader. Nokre brett har berre éi horisontal line i midten som kryssar dei samanbundne vertikale linene, men ein speler likevel som om det var tre rader av korte liner. Det såkalla Návuotna-brettet er ein særprega variant av sáhkku-brettet, og har tre rader med kvadratar (ruvttat, lanjat) i staden for liner.

Midtlina/kvadratet på mellomste rad, som til tider vert kalla «slottet», vert teikna med eit sáhkku-symbol («X»), eit solsymbol eller ein annan dekorasjon.

Brikker Spelet har fleire gálgut (‘kvinner’) og olbmát (‘menn’), og ein gonagas (‘konge’). Mennene og kvinnene vert kalla «soldatar» i dei fleste variantar av sáhkku. Det vanlegaste talet på soldatar på kvar side er femten, men talet kan variera etter lengda på brettet. Det minste talet soldatar som vert skildra som brukande er åtte (Boris Gleb), og det høgste er tjue. Det siste er skildra som «nytta i fisket i Finnmark», utan at det ligg føre andre geografiske spesifikasjonar.Borvo 2001, s. 43 mini|«Isak Saba-settet» frå Unjárga, 1906. Sáhkku-brikker som er produserte i samsvar med tradisjonelt samisk duodji (handarbeid) er ikkje disk-forma som brikkene i til dømes dam og trikktrakk, men ståande på ein måte som minnar om sjakkbrikker. I den enklaste uforminga munnar tuppen av kvar brikke ut i ei skarp pyramide-form. Kvinnebrikkene har dessutan eit skar i tuppen. Det er òg mogleg å kvessa til dette skaret slik at kvinnene får to horn som stikk ut på kvar side. Ein annan tradisjon er å kvessa tuppen etter forma på tradisjonelle samiske hovudplagg frå området der spelet vart laga, slik at mennene får ein kjegleforma tupp og kvinnene ein krokforma i samsvar med det tradisjonelle nordsamiske hovudplagget ládjogahpir eller hornlue. Dette hovudplagget forsvann på slutten av 1800-talet fordi kristne misjonærar og evangelistar rekna det for å vera eit symbol på «djevelens horn».Borvo 2001, s. 43

Forma til kongen varierer mykje. I dei enklaste variantane er kongebrikken ein høg og slank pyramide med fire sider. I mange høve er sidene prydde. Mange av kongebrikkene er så rikt dekorerte at pyramide-forma snautt er synleg.Borvo 2001, s. 44

OppstIlling I byrjinga av spelet står rader av menn og kvinner overfor kvarandre på motsette rader av korte linjer (ein sárggis, fleire sárgát). Slottet er halde av kongen. Ein trillar terning for å avgjera kven som set i gang spelet. Spelaren som kastar sáhkku (X) fyrst får byrja. mini|Ein firkanta sáhkku-terning, rulla ut til høgre for å visa ein av fleire standardkonfigurasjonar. Terningen som vert nytta i sáhkku er firkanta og noko avlang med korte endar som er kvessa til spissar slik at dei berre kan landa på fire sider. Ei av sidene har teiknet «X», sáhkku-symbolet. Tala på dei andre terningsidene kan variera. Ein vanleg kombinasjon er X-II-III-0, men mange andre kombinasjonar er også kjende.Borvo 2000, s. 42 Talet på terningar som vert nytta har òg variert, men det er ganske vanleg med tre terningar.Friis 1871: 164-167; Borvo 2001: s. 49-52 Dei vert tradisjonelt kasta i ei skål heller enn på bordet.Michaelsen 2000, s. 25

Brikkerørsler Brikkene vert flytta i samsvar med verdiane som er viste på terningen etter eit kast. Nokre regelsett krev at spelaren nyttar desse verdiane i ei viss rekkjefylgje, til dømes som X-III-II-0, medan andre regelsett ikkje nemner ein slik regel. Ein spelar kan velja å flytta ei brikke fleire gongar i løpet av ein tur, eller å nytta verdiene til ulike terningar for å flytta fleire soldatar.Friis 1871: 164-16; Borvo 2001: s. 49-52; Mejland 1953 I nokre variantar er det lovleg at fleire brikker inntar same sjarggis (korte line), medan det i andre regelsett er uklart eller beint fram forbode.Friis 1871; Borvo 2001; Michaelsen 2000, s. 22-24

Soldatane Når spelet startar, er soldatane stilleståande. Det vil seia at dei ikkje kan flytta på seg. Spelaren kan igangsetja ein soldat ved å kasta ein sáhkku. Fyrst når soldaten er igangsett, kan han flyttast ein sárggis fram.

Lokale reglar skil på om igangsetjing er tvungen eller fri – altså om soldatar må setjast i gang etter tur, fyrst den fremste soldaten til spelaren og så vidare bakover, eller om ein soldat i heimerada kan setjast i gang uavhengig av kva plass han har i rada. Etter at soldaten er sett i gang, vert terning nytta til å avgjera kor mange sárgát soldaten kan gå fram under turen.Friis 1871; Borvo 2001; Michaelsen 2000, s. 22-24 Soldatane flyttar seg i eit fastsett mønster eller over brettet. Rørsle-mønsteret er ulikt frå variant til variant.Friis 1871: s. 164-167; Borvo 2001: s. 49-52

Kongen Reglane for bruk av Sáhkku-kongen kjem an på dei lokale variantane av spelet. I alle variantar byrjar kongen nøytralt, og er ikkje under kontroll av nokon av spelarane.

Rekruttering av kongen I nesten alle variantar vert kongen rekruttert av ein spelar som flyttar ei av brikkene sine over på den sjarggis som kongen står på. Det finst òg nokre kjende historiske variantar der kongen kan rekrutterast på andre måte.Borvo 2001, s. 44, s. 49-52; Friis 1871: s. 164-167

Flytting av kongen Det finst fleire ulike reglar for korleis ein flyttar kongen. Skildringa nedanfor er ikkje fulldekkande.

(A) Kongen flyttar seg som soldatane til spelaren som for tida kontrollerer han.Michaelsen 2001, s. 22-24 (B) Kongen går bakover eller framover. (C) Kongen kan flytta seg ortogonalt til høgre, til venstre, oppover og nedover.Borvo 2001: s. 49-52

Kongens lagnad Det finst òg lokale variasjonar i høve til kva som skjer med kongen i løpet av ein spelomgang. I dei fleste variantar av sáhkku kan lojaliteten til kongen skifta undervegs. Spelaren som ikkje speler med kongen, kan til dømes rekruttera han ved å flytta ein soldat inn på den sjarggis han står på. Kongen vert då ein del av hæren til den andre spelaren, til dess han vert rekruttert av den andre spelaren igjen. I nesten alle variantar av spelet, kan kongen ikkje sjølv verta fanga, berre rekruttert.Borvo 2001: s. 49-52; Michaelsen 2000, s. 22-24

Å fanga soldatar Målet med spelet er å fanga alle soldatane til motstandaren inntil ein har fjerna dei frå brettet. Soldaten til ein motstandar vert fanga når ein spelar flyttar ein soldat, eller den rekrutterte kongen, på ein sjarggis som motstandaren står på. Dersom ein sjarggis vert okkupert av fleire fiendesoldatar (i dei variantane der slik «sambruk» er lov), vert alle soldatane tekne til fange. Ein fanga soldat vert fjerna frå brettet, og kan ikkje koma inn att. På samisk vert det å fanga ein soldat kalla goddit - ‘å drepa’.Friis 1871, s. 167

I nokre område er det ikkje lov å ta stilleståande soldatar til fange, medan det i andre område er tillate å fanga også dei stilleståande soldatane. Somtid har reglane på dette punktet vore uklare.Borvo 2001, s. 34 Ein veit ikkje kva som har vore den mest vanlege, eller opphavlege, regelen.Borvo 2001: s. 49-52

Tredje brikker Nokre variantar av spelet har fleire brikker enn berre soldatane og kongen. I den einaste overlevande varianten som har slike brikker - Lágesvuotna-sáhkku - er desse kalla dronningar.

Forskarar har tidlegare kalla slike «tredje brikker» i sáhkku-spel for «kongens born», og har gjort framlegg om at at desse brikkene moglegvis vart importerte frå eit anna samisk brettspel, dablo, som har slike brikker.Michaelsen 2000, s .28Michaelsen 2010, s. 218-221 Dette trass i at dronningane i Lágesvuona sáhkku har ein heilt annan funksjon enn kongebarna har i dablo-spelet.

Variantar

Lágesvuotna-sáhkku mini|Vegen til soldatane i Lágesvuotna sáhkku. Brettet som er vist her er utforma slik at dei tre parallelle radene av korte liner (sárgát) er tilslutta vertikalt, og krysset av ei horisontal line i midten. Dette er eit reint estetisk val som ikkje påverkar gangen i spelet. mini|Ein Lágesvuotna-sáhkku. Áltá, 2018. Lágesvuotna-sáhkku er ein rekonstruksjon av sáhkku-varianten som vart spela i området Lágesvootna/Laksefjorden. Edmund Johansen stod for rekonstruksjonen av denne varianten.Berg-Nordlie, Mikkel (2018) "Ná sáhkostalat! Vuonnamárkanat 2018". Navuotna-sáhkku alt=The Návuotna type of sáhkku board replaces the relatively standard layout of 3×15 sárgát with 3×13 squares.All Návuotna style sáhkku games are played with the soldier path demonstrated on this diagram. Ráisa sáhkku and Máze sáhkku is played on a Návuotna board.|høgre|Navuotna-typen av sáhkkubrett erstatter den relativt standard oppsetningen av 3×15 sárgát med 3×13 kvadratar.Alle Návuotna-stil sáhkku-speler vert spelae med soldatveien som er vist på dette diagrammet. Ráisa sáhkku og Máze sáhkku vert spela på ein Návuotna brett. Denne varianten av sáhkku er heimehøyrande i Navuotna-fjorden i Nord-Troms. Det finst i to undervariantar, den eine er kjend som Ráisa-sáhkku og den andre som Máze-sáhkku. Reglane vart skrivne ned på 1950-talet av forskaren Yngvar Mejland frå Ráisa.Michaelsen 2000 På 1980-talet vart ein lokal variant utvikla i bygda Máze i Finnmark.Berg-Nordlie 2018b

Historie

Namn Det nordsamiske ordet «sáhkku» er namnet på både spelet og kastet «X». Det tyder «bot», som i «mulkt» eller «straff». Forskarar har dokumentert at i eit lulesamisk distrikt (Huhttán), var verbet for å spela sáhkku «sakkotet». Dette liknar sakkkudit i moderne lulesamisk staving, som tyder ‘å bøteleggja’.Michaelsen, s. 19 På den andre sida er verbet frå nordsamisk for å spela sáhkku sahkostallat, som ikkje har noko anna tyding.Larsen 1950, s. 171. Til samanlikning er det moderne nordsamiske ordet for ‘å bøteleggja’ sáhkkohit'.