mini|venstre|140px|Havbølgje thumb|right|Bølgjeskyer over Theresa i Wisconsin i USA mini|Atmosfæriske tyngdebølgjer sett frå verdsrommet.

Tyngdebølgjer er i væskedynamikk ei bølgje i ei væske eller i grenseflata mellom to medium (t.d. atmosfæren og havet) der tyngdekraft eller oppdrift er den gjenopprettande krafta.

Når ein væskepakke blir forskyvd på ei grenseflate eller internt i område med forskjellig tettleik, vil tyngdekrafta trekke pakken tilbake til likevekt, noko som fører til ei svinging om likvektspunktet. Tyngdebølgjer mellom luft-sjø grenseflata blir kalla overflate tyngdebølgjer eller overflatebølgjer, medan interne tyngdebølgjer vert kalla interne bølgjer. Havbølgjer eller tsunamiar er døme på tyngdebølgjer.

Atmosfærisk dynamikk

Sidan ei væske er eit kontinuerleg medium vil ei forstyrring forflytte seg i væska. I jordatmosfæren blir momentum flytta frå troposfæren til mesosfæren ved hjelp av tyngdebølgjer. Tyngdebølgjer oppstår i troposfæren i samband med frontsystem eller når luft strøymer over fjell. I starten vil bølgjene forplante seg gjennom atmosfæren utan at den midla farten blir endra. Men når bølgjene kjem opp i tynnare luft i høgda aukar amplituden deira og ikkje-lineære effektar får bølgjene til å bryte, noko som overfører momentum til den midla luftstraumen. Denne prosessen spelar ei viktig rolle for dei dynamiske prosessane i midlare område av atmosfæren.

mini|250 px|Tyngdebølgjemønster forma nedstraums øya Île Amsterdam, ei vulkansk øy i det sørlege Indiahavet.

Referansar Dr. Steven Koch, Hugh D. Cobb, III and Neil A. Stuart, «Notes on Gravity Waves - Operational Forecasting and Detection of Gravity Waves Weather and Forecasting». NOAA, Eastern Region Site Server. Gill, A. E., «Gravity wave». Atmosphere Ocean Dynamics, Academic Press, 1982.

Bakgrunnsstoff Galleri av bølgjeskyer over Iowa.

Kategori:Væskedynamikk Kategori:Atmosfærisk dynamikk Kategori:Bølgjer