Nikša Kaleb () er ein kroatisk tidlegare handballspelar frå Metkovic. Han vart verdsmeister 2003 og olympisk meister 2004 med Kroatia sitt landslag. Våren 2000 tok han del i RK Metković sin triumf i EHF-cupen. Kaleb spelte i hovudsak venstrekant.
Landslagsspel Kaleb var del av det suksessrike Kroatia-laget som sigra i verdsmeisterskapen 2003 og dei olympiske leikane 2004, og sidan fekk sølvmedalje i såvel handball-VM 2005 som i handball-EM 2008. Frå 2001 til 2008 aksla Kaleb den kroatiske landslagstrøya 79 gongar og skåra 152 mål.
Klubbspel Kaleb var RK Metković-spelar frå han var 16 år gammal. Mellom anna vart han seriemeister med laget i 1994 og to gongar nasjonal cupmeister. I 2000 var han med på å vinne EHF-cupen. Året etter vart det tap i finalen i den same cupturneringa. I 2004 skifta Kaleb over til den sterkaste rivalen i kroatisk handball. Med RK Zagreb vann han både den kroatiske seriemeisterskapen og cupmeisterskapen i 2005, 2006, 2007 og 2008. Han la deretter opp.
Merittar Handball-VM 2001 for menn: Nr 9 Handball-VM 2003 for menn: Gullmedalje, siger over Tyskland Handball-EM 2004 for menn: Nr 4 Sommar-OL 2004: Gullmedalje, siger mot Tyskland Handball-VM 2005 for menn: Sølvmedalje, tap mot Spania Handball-VM 2007 for menn: Nr 5 Handball-EM 2008 for menn: Sølvmedalje, tap mot Danmark Vinnar av EHF-cupen: 2000 for RK Metković Kroatisk seriemeister: 1994 for RK Metković Kroatisk cupmeister: 2000 og 2001 for RK Metković Kroatisk seriemeister: 2005, 2006, 2007, 2008 for RK Zagbreb Kroatisk cupmeister: 2005, 2006, 2007, 2008 for RK Zagbreb
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nikša Kaleb» frå , den 13. oktober 2023.
Denne artikkelen bygger på «Nikša Kaleb» frå , den 13. oktober 2023.
Kategori:Kroatiske handballspelarar Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Olympiske meistrar for Kroatia Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Kroatiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2004