Adolf Theodor Pedersen () var ein norsk jurist og direktør frå Skudeneshavn i Rogaland. Han var stortingsmann 1903-09 for Moderate Venstre og sidan Samlingspartiet.

Pedersen var son til ein handelsmann. Sjølv var han fisketelegrafist frå han var 15 til 22 år gammal. Etter han vart cand.jur. i 1891, var han sakførar i Stavanger frå 1893. Frå 1909 arbeidde han som statsadvokat i Vest-Agder og Stavanger lagsokn. Pedersen var medlem i bystyret i Stavanger frå 1898. Han hadde ei mengd verv, både av privat, sivil og offentleg karakter. Mellom anna var han styreformann i bladet Vestposten og 1915-17 i Stavanger Museum. I 1917 fekk han stillinga som direktør i Norges Brandkasse, og flytta då til hovudstaden.

Perioden 1903-06 representerte han Stavanger by på Stortinget, deretter 1906-09 einmannskrinsen Verket (i Stavanger). Fyrste perioden var han medlem i Justiskomiteen, i den andre i Kyrkjekomiteen.

Kjelder

Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Stavangeren 10. november 1927

Kategori:Stortingsrepresentantar 1904-1906 Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Folk frå Karmøy