Johan Lothe () var ein norsk apotekar, forretningsmann og stortingsmann frå Bergen. Han representerte valkrinsen Kalfaret og Høgre-partiet på Stortinget 1910-12.

Lothe var son til ein apotekar, tok eksamen i farmasi i 1876. I 1882 tok han over som eigar av Svaneapoteket i Bergen etter far sin, dreiv dette sidan. Lokalt var han medlem av bystyret og formannskapet i byen, og medlem i hovudkomiteen i Bergen «for motarbeidelse av omstreifervæsenet». Særleg vert han hugsa i Bergen som preses i Bergens Museum, som då han i 1915 gjorde opptaket i å utvikle museet til ein kunnskapsinstitusjon.

Lothe var fyrste varamann til Stortinget 1903-06, møtte i 1903 frå 2. november. Møtte også i 1905-sesjonen frå 18. mars og i 1905-06-sesjonen. I 1903 var han medlem i Næringskomite nr 1, i 1905-06 i Valkomiteen. Hausten 1909 vart han vald til stortingsmann for einmannskrinsen Kalfaret. Perioden 1901-12 var han nestformann i Budsjettkomiteen.

Kjelder

Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Bergens Tidende 29. august 1932

Kategori:Stortingsrepresentantar 1904-1906 Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Folk frå Bergen