Bård Ludvig Thorheim () er ein norsk byråkrat og politikar frå Bodø. Han representerer Nordland fylke og partiet Høgre på Stortinget sidan 2021.

Thorheim er utdanna i statsvitskap ved Universitetet i Oslo, og utdanna etterretningsoffiser ved Forsvarets skole i etterretnings- og sikkerhetstjeneste. Thorheim har vore tilsett i Forsvaret, Etterretningstenesta og utanrikstenesta. Frå 2005 arbeidde han etter tur ved ambassadane i Colombo og i Washington D.C. I 2015 fekk han stillinga som leiar av Utanriksdepartementet sitt operative senter og kriseberedskap for konsulære kriser. Elles i departementet har han særleg styrt med nordområdepolitikk, tryggjingspolitikk, Russland, Balkan og Midtausten.

Frå 2016 til 2019 var Thorheim politisk rådgjevar for utanriksminister Børge Brende og etterfylgjaren Ine Eriksen Søreide. Han har elles jobba ved eit senter under Nord-universitetet i Bodø. Ved stortingsvalet 2021 var Thorheim Høgre sin fyrstekandidat i Nordland, vald inn på Tinget med god margin. Han er medlem i Energi- og miljøkomiteen.

Kjelder

Stortinget.no Denne artikkelen bygger på «Bård Ludvig Thorheim» frå , den 30. september 2023.

Kategori:Stortingsrepresentantar for Nordland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029 Kategori:Folk frå Bodø