miniatyr|Professor Asmerom Legesse i Gadaa-klednad. Det karakteristiske hovudplagget indikerer ei leiarrolle. Gadaa er eit tradisjonelt samfunnssystem for oromoane i Etiopia og Kenya. Det dreiar seg om eit heilskapleg system som omfattar sosiale, kulturelle, politiske og miljømessige sider ved nasjonen til oromoane. I 2016 blei gadaa ført opp på UNESCO si liste over meisterverk i munnleg og immateriell kulturarv.
Gadaa er organisert i fem klassar; av desse har ein klasse rolla som den herskande. Denne klassen har leiar, funksjonærar og ei forsamling. Kvar klasse gjennomgår fleire gradar før han kan fungere i si leiande rolle. Rolla som den leiande klassen rullerer kvart åttande år. Medlemmar av klassen kan vere menn som har fedrar som er medlemmar av klassen. Kvinner blir konsulterte i spørsmål som gjeld rettane til kvinner.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gadaa» frå , den 29. september 2023.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Etiopisk historie Kategori:Etiopisk kultur Kategori:Etiopisk politikk Kategori:Kenyansk historie Kategori:Kenyansk kultur Kategori:Kenyansk politikk Kategori:Immateriell kulturarv i Etiopia Kategori:Representativ liste over den immaterielle kulturarven til menneskja