Karagöz (som tyder 'svartøygd' eller 'sigøynar' på tyrkisk) og Hacivat (forkorting av «Haci Cevat», som tyder 'pilegrimen Cevat', også skrive som «Hacivad») er eit tyrkisk skuggespel som stammar frå 1400-talet.http://www.unesco.org/culture/ich/en/RL/00180

Skuggespelet blei inkludert på UNESCO si liste over meisterverk i munnleg og immateriell kulturarv, som tyrkisk kulturarv, i 2009. I den tyrkiske byen Bursa, som Karagöz og Hacivat stammar frå, finst det eit eige museum for skuggespelet. Den internasjonale figurteaterorganisasjonen UNIMA si avdeling i Bursa arrangerer, saman med dei lokale myndigheitene i Bursa, ein årlig festival der det blir synt både Karagöz-framsyningar og anna skuggespel.

Det kom på slutten av 1800-talet også ein gresk oppfylgjar, Karagiozis, som var basert på tyrkiske Karagöz, men etter kvart fekk eit meir gresk preg.

I dag er Karagöz og Hacivat, ofte også berre referert som Karagöz-skuggespelet, fortsatt populært i samband med ulike kulturelle arrangement og i den islamske månaden ramadan, men ikkje særleg synleg i det daglege liv.

Figurer og handling Skuggespelet er sentrert rundt morosame dialogar og diskusjonar mellom Karagöz og Hacivat. Karagöz er den folkelege, rappkjefta karakteren som ikkje er redd for å seie det han vil. Han er også analfabet, men kjem til gjengjeld alltid med raske og morosame replikkar. Hacivat representerer den velutdanna, men noko blærete og overlegne overklassa. Han er alltid høfleg og snakkar poetisk, i motsetning til Karagöz. Han prøver å lære opp og forklare Karagöz forskjellige ting, men blir møtt med skarpe kommentarar og innimellom med et hovudslag eller to. Likevel er det Karagöz som er den mest populære skikkelsen.

I tillegg til desse hovudkarakterane finst det også andre figurar og settingar, som den høge mannen Uzun Efe, stoffavhengige Kanbur Tiryaki, den flørtande dama Nigâr, med fleire. Det tradisjonelle, tyrkiske skuggespel-universet omfattar også ei rekkje ikkje-tyrkiske karakterar.

Film I 2005 blei det laga ein film om Karagöz og Hacivat med tittelen Hacivat Karagöz Neden Öldürüldü (Kvifor blei Hacivat og Karagöz drepne?). Fleire kjende skodespelarar spela i den litt over to timar lange filmen, som rask blei veldig populær i Tyrkia. Filmen hadde i 2023 ein IMDB-score på 7,5/10. Filmen vann tre prisar på Antalya Internasjonale Filmfestival i 2006.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Karagöz-Hacivat» frå , den 27. september 2023.

Bakgrunnsstoff Traditional Turkish Shadow Theatre Karagoz Brazilian Turkish Shadow Theatre Karagoz Greek Karagoz - Karagiozis

Kategori:Tyrkisk kultur Kategori:Figurteater Kategori:Immateriell kulturarv i Tyrkia Kategori:Representativ liste over den immaterielle kulturarven til menneskja