Bunraku (japansk 文楽) er ei form for tradisjonelt japansk dokketeater som oppstod i Osaka på slutten av 1600-talet. Ordet «bunraku» er avleia av namnet til ein teatertropp skipa av dokkemeisteren Uemura Bunraken tidleg på 1800-talet.

Omgrepshierarki Det japanske samleomgrepet for bunraku og tilsvarande typar dokketeater er ningyō jōruri (人形浄瑠璃). Ningyō tyder «dokke» på japansk, mens jōruri er ei forteljande musikkform der ein forteljar (太夫, tayū) blir akkompagnert av ein tre-strenga lutt, ein såkalla samisen eller shamisen. Den korrekte nemninga på «dokketeater» på japansk er ayatsuri jōruri.

Britiske Jeremy Bidgood dokumenterte i si doktoravhandling The Problem of Bunraku: A Practice-led Investigation into Contemporary Uses and Misuses of Ningyo Joruri (London University, 2015) at dei fleste i Vesten har ei feilaktig oppfatning om at bunraku er den einaste forma for ningyō jōruri som fortsatt er ein levande tradisjon i Japan. Det korrekte er at det finst fleire parallelle tradisjonar, blant anna på Awaji-øyane, Iida og Tonda.

Særdrag ved bunraku Til skilnad frå mange andre former for dokketeater, brukar ein ikkje trådar eller andre triks for å bevege dokkene og skjule dei som styrer dokka. Dokkeførarane er fullt synlege på scena, sjølv om dei som oftast er diskré kledde i svart og ber maske. Slike heilt svartkledde scenearbeidarar blir kalla kuroko på japansk. Dokkene kan vere i nesten naturleg storleik, og kvar dokke blir operert av heile tre profesjonelle dokkeførarar, som må koordinere bevegelsane sine perfekt med kvarandre for at framsyninga skal verke naturleg.

Bunraku i dagens Japan Det japanske kulturrådet driv (per 2017) fleire teaterkompani som tek vare på og vidareførar tradisjonelle japanske teaterformer. Eit av desse er det som på engelsk blir kalla National Bunraku Theatre – Det nasjonale bunrakuteateret.

Sjå også Figurteater Kamishibai, japansk papirfigur-teater Kuroko

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bunraku» frå , den 26. september 2023.

Bakgrunnsstoff

Jeremy Bidgood: The Problem of Bunraku : a practice-led investigation into contemporary uses and misuses of ningyo joruri; doktorgradsavhandling (2015), University of London Samuel L. Leiter: Historical Dictionary of Japanese Traditional Theatre, Rowman & Littlefield Publishers (2014), ASIN B00Z8F9ERM Begin Japanology: Bunraku – dokumentarprogram (29 minutter) tilgjengeleg på YouTube

Kategori:Japansk kultur Kategori:Dokketeater Kategori:Immateriell kulturarv i Japan Kategori:Representativ liste over den immaterielle kulturarven til menneskja