Jaakko Tommi Kristian Evilä () er ein finsk tidlegare lengdehoppar frå Tampere som under verdsmeisterskapen i Helsinki i 2005 vann bronsemedaljen i øvinga.
Karriere I lengdehopp-kvalifiseringa under VM i friidrett 2005 hoppa Evilä 8,18 meter og sletta den 39 år gamle landsrekorden til Rainer Stenius på 8,16 meter. I finalen sikra han seg bronsemedaljen med eit hopp på 8,25 m, men i for mykje medvind til at det vart finsk rekord. Nokre veker seinare flytta han den finske lengderekorden til 8,19 m då han sigra i landskampen mot Sverige i Göteborg. To år seinare landa han på 8,41 m då han på ny vann lengdetevlinga i landskamp mot Sverige, i for sterk medvind til at det var rekord. Under landskampen Sverige–Finland i Göteborg 28. juni 2008 forbetra han den finske rekorden til 8,22 meter. Evilä lukkast ikkje ta seg til finalen i Sommar-OL 2008. Sidan vart nummer 10 i så vel EM 2010 som i EM 2012.
Kjelder World Athletics
Denne artikkelen bygger på «Tommi Evilä» frå , den 19. september 2023.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Finske lengdehopparar Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008