Panamakanalen er ein stor kanal som skjer gjennom den smalaste delen av Panama. Kanalen er 80 km lang og opna i 1914. Han gjer det mogeleg for skip å ta «snarvegen» frå Atlanterhavet til Stillehavet og omvendt via Gatúnsjøen. 5 % av verdshandelen går gjennom kanalen.

Dimensjonar mini|Panamakanalen sett frå søraust mot nordvest Panamakanalen er vel 80 km lang.«The length of the Panama Canal is 80 kilometers (50 miles) from the deep waters of the Atlantic to the deep waters of the Pacific.», frå den offisielle nettstaden til kanalselskapet. Han har to sett med sluser på stillehavssida, Miraflores- og Pedro Miguel-slusene, og Gatun-slusene på atlanterhavssida. Kvart slusekammer er 305 meter langt, 33,5 meter breidt og 24 meter djupt.

Kanalen har to løp slik at det kan gå skip i begge retningar samstundes. Høgdeskilnaden frå havet til Gatunsjøen er 26 meter. Samanlikna med Suezkanalen vart det tatt ut tre gonger meir masse då Panamakanalen vart bygd, totalt 204 millionar kubikkmeter (268 millioner kubikkyards).Fra «About ACP»

På atlanterhavssida har slusene massive stålportar som er 21 meter høge og veg 745 tonn kvar, men dei er allikevel så godt balansert at dei bare krev ein 30 kW (40 hestekrefter) motor for opning og lukking. På stillehavssida, ved Miraflores, er slusene 24 cm høgare og er utsett for mykje større tidvasskilnader.

Merknadar

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Panamakanalen» frå , den 16. januar 2022.

Kategori:Sjøfart i Panama Kategori:Kanalar Kategori:Skipingar i 1914