Feng Bin () er ein kinesisk friidrettsutøvar som i 2022 vart verdsmeister i diskoskasting under VM i friidrett 2022 i Eugene.
Karriere Feng vart nummer 8 både i OL-finalen 2016 i Rio de Janeiro og i VM-finalen 2017 i London. I 2019 sigra ho i asialeikane i Doha med eit kast på 65,36 meter, før ho same staden kom på femteplass i VM i friidrett 2019. I 2021 klarte ho ikkje kvalifisere seg til OL-finale i Tokyo. Under verdsmeisterskapen 2022 i Eugene smekka ho til med livsbeste 69,12 meter i den fyrste finaleomgangen, og viste dermed favorittane Sandra Perković og Valarie Allman til sølv- og bronseplass. Eitt år seinare vann Feng bronsemedaljen i VM i friidrett 2023 med 68,20 m, hennar livs nest beste diskoskast.
Kjelder
World Athletics Denne artikkelen bygger på «Feng Bin» frå , den 11. september 2023.
Kategori:Kinesiske diskoskastarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Kina Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Kina Kategori:Kinesiske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Kinesiske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2024 Kategori:Kinesiske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2024 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2022 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2023