Pierce LePage () er ein kanadisk friidrettsutøvar som tevlar i mangekamp. Han vart verdsmeister i tikamp under VM i friidrett 2023 i Budapest.
LePage gjekk i 2019 til topps i Décastar-tevlinga i Talence på personbeste 8 453 poeng. Om hausten kom han på femteplass ved VM i friidrett 2019 i Doha med 8 445 poeng. Sommaren 2021 vart han nummer 2 i Götzis-stemnet med 8 534 poeng og så 5 under dei olympisk leikane i Tokyo med 8 604 poeng. Året etter vann han sølvmedaljen i VM i friidrett 2022 i Eugene med 8 701 poeng, der franske Kévin Mayer sigra. Ved verdsmeisterskapen 2023 presterte LePage livsbeste 8 909 poeng og sikra seg dermed gullmedaljen med god margin.
Kjelder
World Athletics Denne artikkelen bygger på «Pierce LePage» frå , den 9. september 2023.
Kategori:Canadiske mangekjemparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Canada Kategori:Canadiske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2019 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2022 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2023