Ein tverrsnittstudie er den enklaste forma for kvantitative studiar, og inneber at ein observerer eit tal observasjonseiningar på eitt og berre eitt tidspunkt.Skog, Ole-Jørgen : Å forklare sosiale fenomener - en regresjonsbasert tilnærming, Gylendal Akademiske 2004, s. 71 Føremålet kan vera å stadfesta utbreiinga av eit fenomen eller undersøkja mistenkte årsaksfaktorar. Om ein ynskjer å undersøkja ei generell utbreiing av eit fenomen kan ein gjera eit tilfeldig utval blant heile populasjonen. Ein nyttar så regresjonsanalyse for å undersøkja statistiske samanhengar med andre variablar innan dette utvalet.
Ulemper Veikskapen med tversnittsstudiar er at dei ikkje kan seia noko om årsaks-verknadshøve, altså kva veg årsaksrelasjonane eventuelt går, eller om dei ligg nært/fjernt kvarandre i tid. Vidare vil det alltid vera vanskeleg å avdekkja bakanforliggande variablar som kan skapa ein spuriøs samanheng.Skog, Ole-Jørgen : Å forklare sosiale fenomener - en regresjonsbasert tilnærming, Gylendal Akademiske 2004, s. 74
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tverrsnittstudie» frå , den 7. september 2023.
Kategori:Biostatistikk Kategori:Matematisk og teoretisk biologi Kategori:Økologi Kategori:Epidemiologi Kategori:Vitskaplege metodar Kategori:Forsking