Hemaris er ei slekt av tussmørkesvermarar.

Gruppa består av 17 artar, med to som er observerte i Noreg: Smalkanta humlesvermar (Hemaris tityus) og breikanta humlesvermar (Hemaris fuciformis). Begge desse finst spreidd i Sør-Noreg, men er ikkje talrike.

Utsjånad mini|venstre|Hemaris ved ein blome. Desse svermarane er tettbygde og middelsstore, men små til å vera svermarar (vengespenn 30-50 millimeter). Dei har ein lang sugesnabel og ganske lange og tynne frambein som dei bruker til å halda seg fast i blomane som dei heng framfor på svirrande venger. Kroppen er kort og spoleforma, med eit høvesvis lite hovud og nokså lange, mørkfarga, lett kølleforma antenner. Hovudet og kroppen er mest kledd med gulaktige hår, bakkroppen har gjerne eit svart eller mørkeraudt tverrband, medan halen ofte er kvithåra. Vengemembranen er tynt skjelkledd når dyra blir klekka, men desse skjela blir slitne fort av slik at sommarfuglane får glasklare, skjellause venger, bortsett frå ytterkantane, som oftast er raudlege. Svermarane har ein overflatisk likskap med humler, men åtferda er ganske ulik. Egga deira er små, kuleforma og bleikt skinnande grøne på farge. Larvane er små og sylindriske med ei ru overflate, ofte med korte hår. Sjølv om dei fleste larvane er grøne og brune, finst det mange andre fargeformer. Alle har ei karakteristisk bleik stripe frå hovudet til følehorna. Larvepuppen er omslutta av ein laus spunnen kokong som er skinnande hjå dei fleste artar.

Levevis mini|Hemaris diffinis med snabel ved ein blome. Av dei norske artane utviklar larven til smalkanta humlesvermar seg på artar i kardeborrefamilien, særleg blåknapp (Succisa pratensis), medan larven til breikanta humlesvermar lever på vivendel (Lonicera periclymemum). Elles lever mange av artane på plantar i kaprifolfamilien.

Dei ferdigutvikla individa er dagaktive tussmørkesvermarar som liknar humler i utsjånad, og blir derfor også kalla humlesvermarar. Dei liknar òg kolibriar sidan dei skaffar seg nektar på same måten som fuglane. I motsetning til til dømes dagsvermar (Macroglossum stellatarum) bruker humlesvermarane framføtene til å «forankra» seg i blomen når dei syg nektar.

Utbreiing Slekta har holarktisk utbreiing. I dei varmare delane av den gamle verda blir ho erstatta av den nærtståande slekta Cephonodes, dei to slektene møter kvarandre berre i Japan.

Systematisk inndeling

Ordenen sommarfuglar, Lepidoptera Linnaeus, 1758 Underordenen Ditrysia Gruppa storsommerfuglar, Macrolepidoptera Overfamilien Bombycoidea Familien svermarar, Sphingidae Underfamilien Macroglossinae Slektsgruppa Dilophonotini Slekta humlesvermarar, Hemaris Dalman, 1816 Hemaris affinis Bremer, 1861 Hemaris aksana (Le Cerf, 1923) Hemaris alaiana (Rothschild & Jordan, 1903) Hemaris beresowskii Alpheraky, 1897 Hemaris croatica (Esper, 1800) Hemaris dentata (Staudinger, 1887) Hemaris diffinis (Boisduval, 1836) Hemaris ducalis (Staudinger, 1887) Bredkantet humlesvermer, Hemaris fuciformis (Linnaeus, 1758) Hemaris galunae Eitschberger, Müller & Kravchenko, 2005 Hemaris gracilis (Grote & Robinson 1865) Hemaris molli Eitschberger, Müller & Kravchenko, 2005 Hemaris ottonis (Rothschild & Jordan 1903) Hemaris radians (Walker, 1856) Hemaris rubra Hampson, Hemaris saldaitisi Eitschberger, Danner & Surholt, 1998 Hemaris saundersii (Walker, 1856) Hemaris senta (Strecker, 1878) Hemaris staudingeri Leech, 1890 Hemaris syra (Daniel, 1939) Hemaris thetis Boisduval, 1855 Hemaris thysbe (Fabricius, 1775) Smalkantet humlesvermer, Hemaris tityus (Linnaeus, 1758) Hemaris venata (Felder, 1861)

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hemaris» frå , den 3. september 2023. oppgav desse kjeldene: Markku Savela's Lepidoptera and some other life forms: Sjekkliste over artane. Henta 2.10. 2012

Bakgrunnsstoff

Kategori:Sommarfuglar