Færøyna er ei øy nord i Solund kommune i Vestland. Øya er tre kilometer lang nord-sør og 1,5 kilometer brei på det breiaste. Ho er veglaus. Rutebåt frå Saltskoren til Hersvik på Sula stoppar her ved tinging. Øya har vore busett iallfall sidan mellomalderen. Ho fekk elektrisk kraft i 1951. I 1963 vart det bygd ein molo som betra hamna på vestsida av øya.

Folketalsutvikling: 1801Folketeljing 1801 for Askvoll prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Solund herred, frå Digitalarkivet 44 60

Kjelder

Alf Steinsøy, Solund - Gards- og ættesoge til 1982, bd. II (Solund Sogenemnd, 1982)

Kategori:Øyar i Solund