Arthur Abele () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar som i 2018 vart europameister i tikamp.

Aktiv Abele vann i 2007 tikamp-tevlinga i Ratingen med personbeste 8 269 poeng. Han deltok VM i friidrett 2007 i Osaka, der han kom på niandeplass med 8 243 poeng. Under Sommar-OL 2008 braut han av mot slutten av dag 1.

Etter å ha gått skadd i tre sesongar, byrja han i 2012 å tevle att. I august 2013 vart han i Lage tysk meister i tikamp med 8 251 poeng. Han kom på femteplass i EM i friidrett 2014 med ny personleg rekord på 8 477 poeng. I 2016 sigra Abele i Ratingen-tevlinga med livsbeste 8 605 poeng, Under dei olympiske leikane i Rio de Janeiro plukka han einast 8 013 poeng og enda på 15. plass.

16./17. juni 2018 vann han tikampen Ratingen med sine 8 481 poeng. Den 8. august 2018, etter å ha sanka 8 431 poeng, vann han gullmedaljen i tikampen ved europameisterskapen i Berlin. Dei neste sesongane var prega av ein ankelskade. Abele gjorde sin siste tikamp ved EM i friidrett 2022 i München, enda sist av dei 15 som fullførte.

Kjelder

World Athletics Denne artikkelen bygger på «Arthur Abele» frå , den 29. august 2023.

Kategori:Tyske mangekjemparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Tyskland Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016