Brian Shenton () var ein britisk sprintar frå Doncaster. Han vart i 1950 europameister på 200 meter.
Shenton sette personleg rekord med 21,5 sekund då han nokså overraskande slo favoritten Étienne Bally og sprang inn til siger på 200-meteren i EM i friidrett 1950 i Brussel. I den neste europameisterskapen, i Bern i 1954, vart han fjerdemann på 200 m på 21,3, før han som ankermann for Storbritannia sikra EM-sølv i 4 x 100 m stafett. Shenton deltok i dei olympiske sommarleikane 1952 og 1956, utan å nå finalen i dei individuelle løpa, ei heller vinne medalje i stafettane.
Han omkom i ei bilulukke.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Brian Shenton» frå , den 25. august 2023.
World Athletics
Kategori:Britiske sprintarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Storbritannia Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956 Kategori:Døde i trafikkulukker Kategori:Folk frå Doncaster