Marguerite Bourgeoys () var ei fransk nonne som er kjend som grunnleggjaren av ordenen Congrégation de Notre Dame. Ho er ein katolsk helgen med minnedag den 12. januar.
Bourgeoys var fødd i Troyes i Frankrike. Ho emigrerte i 1653 til Ny-Frankrike (dagens Canada), der ho grunnla eit kloster, vigde seg til skuleaktivitet blant både franske kolonistar og urfolksbarn og i 1658 grunnla ein orden for sekulære kvinner. Dette var ein av dei fyrste klosterordenane for kvinner i den katolske kyrkja der nonnene stod fritt til å verka og arbeida utanfor klostermurane.
Marguerite Bourgeoys blei saligerklært av paven i 1878 og helgenerklært i 1982.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Marguerite Bourgeoys» frå , den 18. august 2023.
Kategori:Franske nonner Kategori:Kanadiarar Kategori:Franske helgenar Kategori:Kvinner på 1600-talet