mini|Tunisisk kjøtragu garnert med urter. mini|Blanc-manger garnert med kakaopulver og mandlar. Garnityr er ei matvare eller ein gjenstand som blir brukt som dekorasjon eller presentasjon til ein tilreidd matrett eller drikke. I mange tilfelle kan det også gje tilleggs- eller kontrastsmak. Nokre typar garnityr blir valde for å auka den visuelle effekten til retten, medan andre er valde ut spesielt for smaken dei kan gje. Dette er i motsetnad til eit krydder, ein saus som blir tilsett ei annan matvare hovudsakleg for å gje smak. Ei matvare som blir servert med garnityr kan skildrast som garni, det franske ordet for ‘garnert’.
Mange garnityrtypar er ikkje meint å etast, men for andre kan det vera greitt å gjera det. Persille er eit døme på eit tradisjonelt garnityr som også har ein god smal. Denne grøne urten har små, kjennbare blad, sterke stenglar og er lett å trimma til passande garnityr.
Oversikt Garnityr kan gje mat eller drikkevarer ein meir tiltrekkjande utsjånad. Dei kan til dømes tilføra farge, slik som når paprika blir strødd på ein laksesalat. Dei kan gje ein fargekontrast, til dømes når graslauk blir strødd på potetar. Dei kan gjera cocktailar meir attraktive, som når ein set ein paraply i ein eksotisk drink, eller når ein mai tai blir toppa med stykke av tropisk frukt. Sushi kan garnerast med baran, ein type plastgras eller blad. Nokre gonger blir garnityr og ein saus eller liknande nytta saman for å fullføra presentasjonen av ein rett; til dømes kan ein rett vera toppa med saus og så ein kvast persille til slutt.
Nokre rettar er særleg knytte til ein viss type garnityr, slik at dei kan sjå ufullstendige ut utan denne. Nokre døme er banansplitt-sundae med kirsebær på toppen eller buffalo wings serverte med ein kvast selleri og dressing av blåmuggost.
Ulike typar garnityr
Mat Garnityr for matrettar inkluderer: mini|Tomat skoren som rose til garnityr. mini|Garnering av ein matrett.
Amandine - ein kulinarisk term som tyder garnityr av mandlar Bawang goreng - sprøsteikt sjalottlauk, eit vanleg garnityr i indonesisk mat Gulrot Kaviar Soltørka tomat Selleri Kjøt Chilipepar - julienneskoren, i ringar eller dekorativt oppskoren Chilitrådar Cilantro - korianderblad Krutongar Agurk - julienneskoren, ringar eller dekorativt oppskoren Duxelles Eggegarnityr Steikt lauk Gremolata, hakka persille, sitronskal og kvitlauk Sitronbasilikum Reddik Manjette Mikrogrønt - skot og unge blad av grønsaker Mynt Nøtter Olivenolje Ingefær Persille Persillade, hakka persille med eddik, olje, urter og kvitlauk Sautert sopp Etande tang, til dømes nori, som blir brukt til å garnera matvarer som supper og sashimi Sesamfrø Valnøtt
Dessert og søtmat Garnityr til dessert og søtsaker inkluderer: mini|Muffin garnert med konfetti-candy.
Karamell Sjokolade Kakaopulver Kokos Confetti candy Coulis Matblomar Oppskoren frukt Gomul Honning Cocktailbær Mynte Sukkerpynt Sirupar {Vark Kjeks Nøtter Kakepynt Krem
Drykk Garnityr for drikkevarer inkluderer: høgre|mini|Martini med limestykke. Drikkar med kaffibase kan ha:
Kanelstong eller kanelpulver Kakaopulver
Mindre søte drinkar som Bloody Mary kan ha garnityr som:
Gulrotstong Selleristong (vanlegvis med blad på) Pepar Salt, grovt (på kanten av glaset)
Eggnog kan ha:
Muskat
Ulike typar frukt og fruktdelar:
Cocktailbær Sitronskive, skalbit eller båt Limeskive, skalbit eller båt Appelsinskive, skalbit eller båt Ananasskive eller bit Jordbær Vassmelon Cocktailpynt– dekorative element lagt til ein drink Cocktaillauk – liten sylta lauk Cocktailparaply – liten papirparaply Grøn oliven Mynteblad Twist – litt av skalet til ei sitrusfrukt Sukker, i strø- eller pulverform
Garnityr etter matlagingstradisjon
Fransk garnityr Klassiske franske garnityr inkluderer:
Til supper: mini|Kald purre- og potetsuppe garnert med krutongar.
Brunoise - grønsaker skorne i 1-3 mm store bitar Chiffonade - finskoren salat eller engsyre stua i smør Croutes - små bitar av halvt fransk brød smurt og tørka i omn Coulis - (tjuktflytande suppe eller saus) helt dekorativt på retten Krutongar - små brødstykke (vanlegvis kubeforma) steikt i smør eller anna olje Julienne - tynnskorne grønnsaker Pasta (tapioca, sago, salep) m.m. Pluches - ein heil kvist av urteblad, utan den sentrale stengelen (tradisjonelt kjørvel) Profiterolles - butterdeigball fylt med purée Royale - eit lite dekorativt forma stykke av egg- eller vaniljesaus (på tysk blir dette kalla eierstich) Eggetrådar
Til forrettar og hovudrettar:
Krokettar Potetar (pommes dauphine, Duchesse-potetar eller Marquis) Duxelles - steikt lauk, sopp og urter Matignon - finhakka gulrøter, lauk og selleri med skinke steikt i smør og madeira Mirepoix - liknande matignon men hakka i større bitar med eller utan skinke (eller med bacon i staden for skinke) Polonaise - garnityr i polsk stil med smelta smør, brødsmular, hakka kokt egg, sitronsaft og urter over kokte grønsaker Salpicon - ulike typar hakka kjøt eller grønsaker Fritters
Indonesisk garnityr mini|Den indonesiske festretten tumpeng, ein kjegle av ris garnerert med dekorativt skoren chilipepar og agurk.
Bawang goreng - steikt sjalottlauk, eit vanleg garnityr i indonesisk mat Unge gulrotblad Selleri - lokalt kjent som daun seledri, blir nytta som topping på suppe eller risgraut Chilipepar - dekorativt skoren Koriander Agurk - dekorativt skoren Kokosnøtt - raspa kokosnøttkjøt, vanlegvis brukt i tradisjonelle kue, eller søte dessertsnacks, som klepon, putu og lupis Emping - melinjo-nøttechips Krupuk - ulike tradisjonelle chips Sitronbasilikum - kjent lokalt som daun kemangi Tomat - dekorativt oppskoren
Japansk garnityr mini|Japansk miso ramen garnert med spiseleg sjøalger, sesam og skalljon
Beni shōga - julienneskoren sylta ingefær, vanlegvis brukt som garnityr for gyudon og okonomiyaki Gari - marinert tynt skoren ingefær, vanlegvis brukt som garnityr til sushi og sashimi Katsuobushi - tørka bonitoflak som vanlegvis blir nytta som garnityr til takoyaki, som til tider blir kalla okaka Vårlauk eller trelauk (wakegi) - mest brukt som topping av tofu og miso-suppe Anna etande tang - inkludert tynskorne kizami nori-blad, aonori, tororo kombu som blir brukt oppå ramen, udon, yakiudon, takoyaki, soba, okonomiyaki, yakisoba eller til og med pizza og pølse i brød Sesamfrø, strødd over dampa ris eller nudlar Shisoblad Fukujinzuke, krydder og garnityr til karrirettar Kinshi tamago, eggestrimlar som er populære på risgraut og hiyashi chuka, ein kald ramensalat. Fiskekjøt som tobiko, masago, mentaiko og ikura er populære på risrettar som chirashi og sushi Strimla daikon og malen daikon kalla daikon oroshi, ein vinterreddik, er populær i bento- og sushi-rettar, den siste er populær på oljehaldige matvarer som fisk og tempura Sakurablom, stjerne, hjarte og ulike utskorne former av gulrøter er populære i bento Kjøt av hvitløk Fiskeyngel som shirasu og chirimenjako Etande blomar som krysantemum Furikake Umeboshi Nameko-sopp Menma, fermenterte smakssette bambusskot Sojaegg Narutomaki Mitsuba, Cryptotaenia japonica Tenkasu, steikte bitar av batter som definerer tanuki udon Aburage, steikt tofu som definerer kitsune udon Kamaboko, ein surimi som ofte finst i bento og hot pot udon Wasabi Yuzukosho
Koreansk garnityr mini|Eggerett garnert med chilitrådar.
I koreansk mat blir dekorativ garnityr kalla gomyeong (고명), eit omgrep som viser til å pynta mat.
Krysantemumblad Eggepynt, laga med eggekvite og plomme, er eit vanleg koreansk garnity. Gochu - raud chilipepar Chili-tråd - tradisjonelt koreansk garnityr av chilipepar. Pressa hvitløk Vårlauk Manna-lav Vårlauk Shiitakesopp Strimla grønsaker
Reiskapar Reiskapar som ofte blir nytta til å laga garnityr til mat er spidd, knivar, rasper, tannpirkarar og pergamentkjegler.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Garnish (food)» frå , den 15. august 2023.
Bakgrunnsstoff
How to Garnish Food. WikiHow HowToGarnish.com
Kategori:Matlaging Kategori:Pynt