Tom McKean () er ein skotsk tidlegare mellomdistanseløpar frå Bellshill. Han vart europameister på 800 meter i 1990.

Karriere McKean spesialiserte seg på 800-meteren. Under EM i friidrett 1986 sette han personleg rekord på distansen med tida 1.44,61 og tok sølvmedaljen. Saman med vinnaren Sebastian Coe og bronsemedaljør Steve Cram syrgde han for britisk storeslem. Året etter i Roma-VM dulta han borti ein konkurrent og enda på åttande- og sisteplass i 800-meterfinalen. På tampen av 1987 forbetra han sitt personbeste til 1.44,45 i Lausanne. Han makta ikkje ta seg til finalen på 800 m i Sommar-OL 1988. Sommaren 1989 sprang livsbeste 1,43,88 i eit stemne i London. På tampen av august 1990 vann McKean ein suveren siger på 800 meter då europmeisterskapen vart avvikla i Split i dåverande Jugoslavia. Han vart slått ut i semifinalane både under verdsmeisterskapen 1991 i Tokyo og under Sommar-OL 1992 i Barcelona. Han la opp i 1994.

Kjelder

Tom MCKEAN Profile, World Athletics Denne artikkelen bygger på «Tom McKean» frå , den 13. august 2023.

Kategori:Britiske mellomdistanseløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Storbritannia Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992