Monique Wittig () var ein fransk forfattar og feministisk teoretikar.

Wittig var fødd i Dannemarie i Haut-Rhin. I 1964 gav ho ut den fyrste romanen sin, barndomsromanen L'Opoponax. Ho deltok i grunnlegginga av Mouvement de libération des femmes og seinare òg av Gouines rouges, den fyrste organisasjonen for lesbiske kvinner i Paris. I 1969 gav ho ut ut det utopiske feministiske verket Les Guérillères, som fekk stor tyding for den nye kvinnerørsla i Frankrike, og i 1973 den skjønnlitterære Les Corps lesbien. Eit sentralt omgrep for henne var den heteroseksuelle kontrakten, som ho rekna for å vera det underliggande grunnlaget for korleis kjønn blir definert i heterodogmatiske samfunn, og meinte at oppheving av kjønnsidentitetar er naudsynleg for å oppnå full identitet og fridom for enkeltpersonar. Eit utval av dei teoretiske artiklane hennar blei publiserte i La Pensée straight (2001).

Wittig døydde i 2003 i Tucson i Arizona i USA.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Monique Wittig» frå , den 9. august 2023.

Kategori:Franskspråklege forfattarar Kategori:Franske forfattarar Kategori:Forfattarar frå 1900-talet Kategori:Feministiske forfattarar