Buskeruds amt var eit amt i Noreg. Frå 1. januar 1919 heiter det Buskerud fylke. Amtet fekk namn etter garden Buskerud i Modum.

Amtet var delt inn i futedøma Hallingdalen, Numedalen og Sandsvær, Ringerike og Buskerud. Frå 1894 var det delt inn i tre politimeisterdistrikt, fem sorenskriveri, 22 herad og 26 lensmannsdistrikt. I kyrkjeleg samanhand høyrde amtet under Kristiania stift, hadde tre prosti og 22 prestegjeld.

Inndeling i herad og kommunar i 1917

Bykommunar Drammen Hønefoss Kongsberg

Buskeruds fogderi Drammen bykommune Hurum Krødsherad Lier Modum Nedre Eker Røken Sigdal Øvre Eker

Hallingdalens fogderi Flaa Gol Hemsedal Hol Nes Aal

Numedal og Sandsværs fogderi Flesberg Nedre Sandsvær Nore Opdal Rollag Øvre Sandsvær

Ringerike fogderi

Hole Norderhov Tyristranden Aadalen

Amtmenn (ikkje fullstendig liste) 1679–1694 Matthias de Tonsberg 1806–1813 Herman Wedel-Jarlsberg 1813–1814 Jonas Collett 1814–1827 Johan Collett 1828–1831 Niels Arntzen Sem 1831–1857 Gustav Peter Blom 1858–1882 Paul Peter Vilhelm Breder 1882–1884 Thomas Cathinco Bang 1884–1890 Nils Vogt 1890–1902 Thomas Cathinco Bang 1902–1918 Theodor Christian Stoud Plato

Kjelder Stiftamtmenn, amtmenn og fylkesmenn 1814-1994 - regjeringa.no

Kategori:Amt i Noreg Kategori:Buskerud fylke