miniatyr|Joumou-suppe. miniatyr|Graskartypen turban squash (engelsk) er hovudingrediens i suppa. Joumou-suppe (haitisk soup joumou, fransk eller ) er ei tradisjonell haitisk graskarsuppe. Suppa er festmat med djupe røter i haitisk historie. Ho var opphavleg atterhalde dei franske slaveeigarane. Dei hadde slavane til å lage suppa, men det var berre plantasjeeigarane som fekk lov til å ete suppa. Etter revolusjonen i 1804 blei slaveriet avskaffa. Dimed blei det også tillate for alle å lage og ete suppa, og ho har deretter blitt eit symbol for den nyvunne fridommen til folket.
Suppa kan i tillegg til graskar, innehalde grønsaker, kjøt, kokebanan, pasta og krydder. Det er vanlegvis graskartypen som på engelsk blir kalla turban squash, på fransk giraumon, som vert brukt. Suppa blir laga til 1. januar kvart år, som er minnedagen for revolusjonen i 1804.
Joumou-suppa blei i 2016 skriven inn på UNESCO si liste over immateriell kulturarv.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Joumou-suppe» frå , den 28. juli 2023.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Haitisk mat Kategori:Supper Kategori:Nasjonalretter Kategori:Immateriell kulturarv i Haiti Kategori:Representativ liste over den immaterielle kulturarven til menneskja