Turning to Crime er det 22. studioalbumet til det engelske rockebandet Deep Purple, gjeve ut 26. november 2021. Det består eine og åleine av coverversjonar,<ref>Roger Glover On New Deep Purple Album 'Turning To Crime' - Forbes. 26. november 2021. Henta 27. november 2021.</ref> og er det siste Deep Purple-albumet med gitaristen Steve Morse før han forlét bandet i juli 2022.

Bakgrunn og innspeling Turning to Crime vart til etter forslag frå Bob Ezrin, som har vore produsenten til Deep Purple sidan 2013.Deep Purple Talk Covers LP, Why a 'Long Goodbye' Was Premature]. - Ultimate Classic Rock. Henta 27. november 2021. Gitt ut omtrent femten månader etter Whoosh!, markerte dette første gongen sidan Come Taste the Band frå 1975 at Deep Purple gav ut eit nytt studioalbum berre eitt år etter det førre.

Sporet «The Battle of New Orleans» markerer første gong Roger Glover har sunge vokal av noko slag på ei Deep Purple-studioinnspeling.

Eit 13. spor «(I'm a) Road Runner» vart sleppt som nedlasting den 6. oktober 2021 og seinare på den avgrensa 5×12″ vinylboksen, som B-sida av «7 and 7 Is».

Innhald

MedverkandeDeep PurpleIan Gillan – vokal (alle spor), korvokal (2, 4, 5, 7, 8, 10, 11), perkusjon (3, 7) Steve Morse – gitarar (alle spor), vokal (9) Roger Glover – bass (alle spor), ekstra klaverinstrument (1), korvokal og perkusjon (7), vokal (9) Ian Paice – trommer (alle spor) Don Airey – klaverinstrument (alle spor)Musikarar''' Bob Ezrin – korvokal (2, 5, 7, 8, 10–12), vokal (9) Leo Green – tenorsaksofon (2, 6), blåsararrangement (2) Matt Holland – trompet (2, 6) Nicole Thalia – korvokal (4, 6, 12) Marsha B. Morrison – korvokal (4, 6, 12) Gina Forsyth – fele (9) Bruce Daigrepont – trekkspel (9) Julian Shank – perkusjon (10)

Salslister

Vekeslister + Weekly chart performance for Turning to Crime Liste (2021) Plassering Italienske album (FIMI) 24 Den svenske albumlista (Sverigetopplistan) 14

Årslister Liste (2021) Plassering Tyske album (Offizielle Top 100) 92 Sveitisiske album (Schweizer Hitparade) 95

KjelderDenne artikkelen bygger på «Turning to Crime» frå , den 17. juli 2023. oppgav desse kjeldene:''  

Kategori:Musikkalbum frå 2021 Kategori:Deep Purple-album Kategori:Edel AG-album Kategori:Album produserte av Bob Ezrin Kategori:Coveralbum