Marianne Andersen () er ein norsk orienteringsløpar frå Drammen. Individuelt har ho vunne sju sølvmedaljar og tre bronsemedaljar i verdsmeisterskap, i stafett har ho eitt gull, to sølv ein bronse.
Aktiv Åra frå 2004 til 2022 vart Andersen norsk meister 24 gongar, flest NM-gull har ho på mellomdistansen med 9 i talet.
Andersen sanka VM-sølv på klassisk- og mellomdistansen både i 2006 og 2009, samt på klassisk-distansen i 2008 og 2010 og på mellomdistansen i 2017. Under den medaljerike verdsmeisterskapen 2009 i Miskolc i Ungarn var ho ankerkvinne då Noreg vann stafetten med god margin, Betty-Ann Bjerkreim Nilsen og Anne Margrethe Hausken sprang dei fyrste etappane.
Frå europeiske meisterskap i orientering har Andersen ytterlegare tre sølvmedaljar.
Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap VM 2003: Nr 8 på klassisk-distansen VM 2005: Sølv i stafett, nr 4 på klassisk-distansen VM 2006: Sølv på klassisk- og mellomdistansen VM 2007: Bronse på mellomdistansen og i stafett VM 2008: Sølv på klassisk-distansen VM 2009: Sølv på klassisk- og mellomdistansen, gull i stafett VM 2010: Sølv på klassisk-distansen og i stafett, bronse på mellom- og kort-distansen VM 2011: Nr 7 på mellomdistansen VM 2017: Sølv på mellomdistansen VM 2018: Nr 4 i stafett
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Marianne Andersen» frå , den 5. juli 2023.
Kategori:Norske orienteringsløparar Kategori:Verdsmeistrar i orientering Kategori:Folk frå Drammen