Outi Päivikki Borgenström () er ein finsk tidlegare orienteringsløpar frå Tampere. Ho vart nordisk meister i 1977 og verdsmeister i 1979. I 1978 sprang ho den fyrste etappen for det finske sigerslaget i VM-stafetten.

Borgenstrøm høyrde til verdseliten i orientering frå 1974 til 1983. Omframt dei tre topp-plasseringane i verdsmeisterskap og nordisk meisterskap, vann ho to sølvmedaljar i nordiske meisterskap og to stafett-sølv i verdsmeisterskap, samt ein VM-bronse individuelt. Høgdepunktet kom då ho i 1979 på finsk heimegrunn vart verdsmeister framom landskvinna Liisa Veijalainen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1974: Bronsemedalje individuelt VM 1976: Sølv i stafett Nordisk 1977: Gullmedalje individuelt VM 1978: Gull i stafett, nr 6 individuelt VM 1979: Gullmedalje individuelt Nordisk 1980: Sølvmedalje individuelt VM 1981: Sølv i stafett, nr 5 individuelt Nordisk 1982: Sølvmedalje individuelt VM 1983: Nr 7 individuelt

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Outi Borgenström» frå , den 30. juni 2023.

Kategori:Orienteringsløparar Kategori:Finske idrettsutøvarar