«Thunderstruck» er ein song frå albumet The Razors Edge frå 1990 av det australske hardrockbandet AC/DC. Han nådde femteplassen på den amerikanske Billboard Hot Mainstream Rock Tracks. I 2010 toppa «Thunderstruck» Triple M Melbourne si «Ultimate 500 Rock Countdown»-liste i Australia. Alle dei fem øvste songane var AC/DC-songar. Triple M. Henta 12. april 2015.
Bakgrunn Angus Young uttalte i platenotata til 2003-utgivinga av The Razors Edge:
Låten har selt over ein million digitale eksemplar sidan han vart tilgjengeleg for digital nedlasting.{.
I januar 2018 som ein del av Triple Ms «Ozzest 100», dei 'mest australske' låtane gjennom tidene, vart «Thunderstruck» rangert som nr. 8.
Låten er ein av dei mest gjenkjennelege i heile katalogen til bandet, og den er ein fast del av settlistene etter å ha vorte framførte på nesten alle konsertar sidan utgivinga. Med unntak av nytt materiale frå albuma dei turnerer bak, er den ein av berre tre låtar gitt ut etter Back in Black som framleis blir framførte av bandet. Dei andre er «For Those About to Rock (We Salute You)» frå 1981 og «Rock and Roll Train» frå 2008.
Musikkvideo Videoen som følgde singelen, regissert av David Mallet, vart spelt inn på Brixton Academy i London den 17. august 1990. Publikum fekk gratis T-skjorter med orda «AC/DC - I was Thunderstruck» på framsida og datoen på baksida, og heile publikum hadde desse T-skjortene på seg under heile innspelinga av videoen.
Den 29. oktober 2021 nådde videoen éin milliard visningar på YouTube, den første AC/DC-musikkvideoen som gjorde det.
Mottaking «Thunderstruck» blir av mange rekna som ein av dei beste låtane til bandet. The Guardian rangerte låten som nummer åtte på lista si over dei 40 beste AC/DC-låtane, og det britiske rockemagasinet Kerrang! rangerte låten som nummer seks på lista si over dei 20 beste AC/DC-låtane.
Salslister
Vekeslister Liste (1990–2022)PlasseringCanada Top Singles (RPM)20Europe (Eurochart Hot 100) 33Finland (Suomen virallinen lista)1US Rock Digital Songs (Billboard)4
Årslister listee (1990)PlasseringAustralia (ARIA)43Nederland (Nederlandsk Topp 40)45Nederland (Single Top 100)47
listee (1991)PlasseringBelgia (Ultratop 50 Flandern)85Tyskland (Official German Charts)49 Liste (2017) Plassering Ungarn (Single Top 40) 87 Liste (2018) Plassering Ungarn (Single Top 40) 98 Liste (2019) Plassering Ungarn (Single Top 40) 55 Liste (2020) Plassering Ungarn (Single Top 40) 51 Liste (2021) Plassering Global 200 (Billboard) 194 Ungarn (Single Top 40) 54 Liste (2022) Plassering Global 200 (Billboard) 148 Ungarn (Single Top 40) 45
Salstrofé
Medverkande Brian Johnson – solovokal Angus Young – sologitar Malcolm Young – rytmegitar, korvokal Cliff Williams – bassgitar, korvokal Chris Slade – trommer, perkusjon
Cyberåtak på det iranske atomprogrammet Songen vart brukt som ein del av nyttelasta i eit datavirus som angreip det iranske atomprogrammet mellom 2009 og 2010. Stuxnet skal ha vorte utvikla av amerikanske og israelske styresmakter, og tok kontroll over sentrifuge-kontrollane i atomanlegg over heile landet og forårsaka omfattande skadar på maskineriet. I tillegg vart fleire arbeidsstasjonar kapra med songen spelt tilfeldig på høgt volum seint på kvelden.{ I ein e-post sendt til den finske datatryggleikeksperten Mikko Hyppönen frå F-Secure, blir ein av forskarane som var involverte i programmet sitert:
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Thunderstruck» frå , den 29. juni 2023. oppgav desse kjeldene:
Kategori:AC/DC-songar Kategori:Singlar frå 1990 Kategori:Songar skrivne av Angus Young Kategori:Songar skrivne av Malcolm Young Kategori:Songar produserte av Bruce Fairbairn Kategori:Songar frå 1990 Kategori:Atco Records-singlar Kategori:Nummer-ein-singlar i Finland Kategori:Heavy metal-songar Kategori:Ministry-songar