«Who Made Who» er ein song og ein singel av det australske hardrockbandet AC/DC, gjeven ut i 1986 på albumet deira Who Made Who. 12-tommar-utgåva av singelen har ein lengre miks av songen som ein òg kan finna på luksusutgåva av plateboksen deira Backtrack. Det var eitt av berre tre nye spor på Who Made Who, fordi albumet ikkje berre var eit filmmusikkalbum for Stephen King-filmen Maximum Overdrive, men eit samlealbum med spor frå tidlegare album. Dei to andre nye spora var instrumentalar. «Who Made Who» nådde 23. plassenen på Billboard Mainstream Rock-lista den 19. juli 1986, og låg inne på denne lista i 12 veker.
I tillegg til sjølve låten har «Who Made Who» òg vorte spelt live, hovudsakleg under den etterfølgjande verdsturnéen og Blow Up Your Video-turneen. Han vart òg spelt live med erstatningstrommeslagaren Chris Slade under heile The Razors Edge-turneen, og med trommeslagaren Phil Rudd (som kom tilbake til bandet i 1994 etter å ha fått sparken frå bandet 11 år tidlegare) på berre éin konsert på opningskvelden av Ballbreaker-turneen i Greensboro i Nord-Carolina, der låten vart droppa og ikkje har vorte spelt live sidan. Ein live-versjon vart gitt ut på albumet AC/DC Live frå 1992.
Musikkvideo I videoen til denne songen, regissert av David Mallet,mvdbase.com - AC/DC - «Who made who?» filma i lobbyen og på scena på musikkstaden Brixton Academy i London, var fans og vinnarar av radiokonkurransen kledd som Angus Young og bar på raude pappgitarar som likna på Angus sin Gibson SG. Videoen handlar om forskarar som attskaper Angus ved hjelp av science fiction-teknologi, og etterlikningane blir viste en masse, der dei marsjerer i takt til songen og løftar hovudet for å syngja tittelfrasen saman med refrenget. På innsida av Digipak-utgivinga av Who Made Who frå 2003 finn ein eit bilete av Angus som står saman med ei gruppe av motstykka sine. Eit par av AC/DC-konsertane hadde med seg personar som etterlikna Angus på scena, mellom anna på Nassau Coliseum i Uniondale i New York, der seks av dei var til stades.
Medverkande Brian Johnson – vokal Angus Young – sologitar Malcolm Young – rytmegitar Cliff Williams – bassgitar Simon Wright – trommer
Salslister Vekeslister listee (1986)PlasseringAustralske (Kent Music Report)9
Årslister Liste (1986) Plassering Australia (Kent Music Report) 36
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Who Made Who (song)» frå , den 27. juni 2023. oppgav desse kjeldene:
Kategori:AC/DC-songar Kategori:Singlar frå 1986 Kategori:Songar skrivne av Brian Johnson Kategori:Songar skrivne av Angus Young Kategori:Songar skrivne av Malcolm Young Kategori:Songar frå 1986 Kategori:Atlantic Records-singlar Kategori:Musikkvideoar regisserte av David Mallet