Foreldrearbeidsutval eller Foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU) er ein del av grunnskulen og basert på foreldrerådet ved kvar einskild skule.
Det er lovpålagt at ein skal ha eit foreldreråd ved alle norske grunnskular. Alle foreldre som har barn i norsk grunnskule vert automatisk medlem i foreldrerådet ved den skulen der borna deira har skulegang. Foreldrerådet vel eit foreldrearbeidsutval som er «styret» til foreldrerådet.
I mange kommunar finst det eit kommunalt foreldreutval som foreldreutvalet er ein del av.
Føremål «Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape godt skolemiljø. [Ved å syrgje for] godt samhald mellom heimen og skolen, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane og skape kontakt mellom skolen og lokalsamfunnet.» FAU skal samarbeide med dei tilsette ved skulen, elevrådet, foreldra ved skulen og eventuelt det kommunale foreldreutvalet dersom kommunen har det. FAU har mogleiken til å kome med råd og innspel til skulen, og fremje saker på eige initiativ.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Foreldrenes arbeidsutvalg» frå , den 20. juni 2023.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Utdanning i Noreg