Einar Hernes () er ein norsk tidlegare hekkeløpar og sprintar frå Bodø. Han vart i 1980 noregsmeister på 110 meter hekk. Hernes var medlem i IK Grand til 1982, sidan i nyskipa Bodø Friidrettsklubb.
Åra 1976 til 1984 vann Hernes ein gullmedalje, fire sølv- og to bronsemedaljar på korthekken under dei norske meisterskapane i friidrett. Han fekk dessutan med seg eit NM-sølv og ein NM-bronse på 200 meter i den same perioden.
Hernes sin personlege rekord på 200 meter er 21,65 sekund, oppnådd i 1981. I 1982 sette han personbeste på 110 meter hekk med tida 14,15 sekund, med manuell tidtaking fekk han den same sesongen notert 13,9 sekund.
Medaljar i noregsmeisterskap 1976 i Askim: Sølvmedalje på 110 m hekk 1978 på Steinkjer: Bronsemedalje på 110 m hekk 1980 i Bodø: Gullmedalje på 110 m hekk, sølvmedalje på 200 m 1981 i Haugesund: Sølvmedalje på 110 m hekk, bronse på 200 m 1982 i Porsgrunn: Sølvmedalje på 110 m hekk 1983 i Trondheim: Sølvmedalje på 110 m hekk 1984 i Øvre Årdal: Bronsemedalje på 110 m hekk
Kjelder friidrett.no
Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Norske hekkeløparar Kategori:Norske sprintarar Kategori:Folk frå Bodø