Espen Borge () er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Drammen som vart norsk meister to gongar på 800 meter og tre gongar på 1500 meter. I 1987 forbetra han den norske rekorden på 3 000 meter hinder, ein nasjonal rekord som vart ståande i åtte år. Han var medlem av IF Hellas, frå 1986 representerte han IK Tjalve.
Borge høyrde til noregstoppen på mellomdistansane i ein tiårsperiode frå 1982, særleg utmerkte han seg med sin spurtstyrke på 1500 meter. I 1986 prøvde han seg på 3 000 meter hinder. Året etter, under eit stemne i nederlandske Hengelo den 19. juli, sletta han den tretten år gamle noregsrekorden til Knut Kvalheim på 3 000 meter hinder. Borge vart femtemann i eit felt med sterke løpar og flytta landsrekorden frå 8.25,2 til 8.23,11. I juni 1995 forbetra Jim Svenøy noregsrekorden i øvinga til 8.21,4.
Personlege rekordar 800 meter : 1.47,41 (1984) 1500 meter: 3.38,74 (1987) 3 000 meter hinder: 8.23,11 (1987)
Medaljar i noregsmeisterskap 1982 i Porsgrunn: Sølvmedalje på 1500 m 1984 i Øvre Årdal: Gullmedalje på 800 m, sølv på 1500 m 1986 i Sandnes: Gullmedalje på 800 m, sølv på 1500 m 1987 i Nesbyen: Gullmedalje på 1500 m 1988 på Byrkjelo: Gullmedalje på 1500 m, sølv på 3000 m hinder 1990 i Moss: Bronsemedalje på 3000 m hinder 1991 i Fana: Gullmedalje på 1500 m Gull 1991 og 1992 i 3 km terrengløp, sølv 1989 i 10 km terrengløp
Kjelder friidrett.no, norske rekordar Fremtiden 20. juli 1987
Kategori:Norske mellomdistanseløparar Kategori:Norske hekkeløparar Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Folk frå Drammen