Atle McAdam () var ein norsk friidrettsutøvar frå Oslo. Åra frå 1995 til 2011 tok han ti NM-medaljar på 400 meter hekk, tre i gull. Han var norsk rekordhaldar i øvinga frå 2003 til 2013 og medlem i IK Tjalve.

McAdam døydde i ei sykkelulykke.

Karriere McAdam vart norsk meister på 400 m hekk fyrste gongen i 2000. Sidan vann han NM-gull i 2002 og 2004. 31. mai 2003 sletta han Petter Hesselberg sin 19 år gamle noregsrekord i øvinga då han i Florø kom i mål på tida 50,67 sekund. Den nye noregsrekorden gjaldt i 10 år og 3 veker, til dess Øyvind Kjerpeset vart fyrste nordmann under 50 sekund på langhekken.

Medaljar i noregsmeisterskap 1995 på Lillehammer: Bronsemedalje 1997 i Overhalla: Sølvmedalje 1998 i Askøy: Sølvmedalje 2000 på Steinkjer: Gullmedalje 2002 i Sandnes: Gullmedalje 2003 i Fredrikstad: Sølvmedalje 2004 i Florø: Gullmedalje 2007 i Askim: Sølvmedalje 2009 på Lillehammer: Sølvmedalje 2011 på Byrkjelo: Bronsemedalje

Kjelder

friidrett.no Dagsavisen 1. juni 2003

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske friidrettsutøvarar Kategori:Norske hekkeløparar Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Folk frå Oslo