Let There Be Rock er det fjerde studioalbumet til det australske rockebandet AC/DC. Det vart opphavleg gitt ut 21. mars 1977 i Australia på Albert Productions. Ei modifisert internasjonal utgåve vart gitt ut 25. juli 1977 på Atlantic Records. Det var det siste AC/DC-albumet med Mark Evans på bass.

Bakgrunn I slutten av 1976 var AC/DC inne i ein bølgjedal. «Det var veldig nær ved å vera over», sa manager Michael Browning. «Ting gjekk veldig bra i London og Europa. Me hadde vore gjennom ei heil greie med Marquee der dei slo alle husrekordar. Me hadde gjort 'Lock Up Your Daughters'--turneen og Readingfestivalen. Det heile byrja å forma seg veldig bra.» «Midt under turneen fekk eg ein telefon om at Atlantic Records i USA ikkje likte albumet Dirty Deeds», seier Browning. «At dei faktisk kom til å droppa gruppa frå etiketten. Og det var då ting vart verkeleg ille.» Mark Evans sa:

Angus Young sa: «Bror vår George spurde oss kva slags album me ønskte å laga, og me sa at det ville vera flott om me berre kunne laga mykje gitarriff, fordi me var alle fyrte opp etter å ha turnert så mykje.»

Plateomslag Det australske plateomslaget viser fingrane til gitaristen Chris Turner, frå det australske bandet Buffalo. «Det var ein fyr som heitte Colin Stead, som var med i Buffalo i omtrent ti minutt,» hugsar Turner. «Han var òg midtsidefotograf for Playboy. Han ringde meg og sa at han skulle gjera plateomslaget til Let There Be Rock, men AC/DC var bortreist, så kunne eg hjelpa til? Han ville ha ein flash-gitar som gjekk opp og ned langs halsen. Då han såg det, sa Angus visstnok: 'Han har feite fingrar, har han ikkje?'»

Omslaget til den internasjonale versjonen, gitt ut i juli 1977 markerte første gongen den no ikoniske logoen til bandet vart nytta, designa av Gerard Huerta. Fotografiet som vart brukt til det internasjonale omslaget vart teke på ein konsert 19. mars 1977 på Kursaal Ballroom i Southend i Essex i Storbritannia, av rockefotografen Keith Morris.

Mottaking

Mottakinga av Let There Be Rock var generelt positiv; ifølgje AllMusic, som gav albumet fire og ein halv av fem stjerner i ei retrospektiv melding, spelte AC/DC «sveitt, skitten, ekkel rock» og bandet hadde «sjeldan gjort den typen rock betre enn dei gjorde» på Let There Be Rock. I 2001 kåra Q Let There Be Rock til eit av «dei 50 tyngste albuma gjennom tidene».

Cashbox sa «Heavy metal er den spesielle styrken deira, og det er rikeleg med spenning på denne elektrifiserte plata.»

Eduardo Rivadavia frå AllMusic var begeistra: «Let There Be Rock ser den religiøse respekten til AC/DC for den enkle kunsten å laga rock & roll sendt til den logiske konklusjonen sin: eit veritabelt evangelium til rockeæraen, kanonisert her i hymneaktig tilbeding. Det nesten episke tittelsporet til det som er allment rekna som det beste Bon Scott-albumet, songen er eit heilagt vitnesbyrd som bringer gode nyhende til alle dei som trur på den heilande krafta i rock & roll - amen! Å ja, det sparkar òg uheilag rumpe!»

David Fricke i Rolling Stone skreiv om albumet i ei foridehistorie i 2008: «AC/DC sine tidlege album var heilt frenetiske, men inkonsekvente. Deira andre amerikanske LP var nesten heilt fantastisk. Scott syng 'Bad Boy Boogie' og 'Problem Child' som om han er enfant terrible ... Soloane til Angus er ekte kvitgloande.» Amazon.com kalla albumet «eit brot med den tidlege 'nye'-tilnærminga til låtskriving og ein overgang til det meir fokuserte albumorienterte synet som bandet kom til å perfeksjonera.» I 2006 skreiv AC/DC-biografen Murray Engleheart at Let There Be Rock «løfta AC/DC til status som eit albumband, noko som tidlegare hadde vore reservert for The Rolling Stones, The Who og Led Zeppelin». I 2000 hugsa Angus Young til Guitar World at produsent Mutt Lange ein gong fortalde han at «av alle dei mange albuma me hadde gjort med bror min George og partnaren hans, Harry Vanda, var Let There Be Rock det Mutt ønskte han hadde gjort, der han var misunneleg på George».« Biografen til bandet Jesse Fink skriv: «Same kor AC/DC hamna i rockhistoria, vil dette albumet for alltid stå som eit uttrykk for den eineståande styrken deira som gitarband.»

Innhald

Australsk versjon

Internasjonal versjon

Merknader For den originale australske vinylutgivinga vart ein annan versjon av «Go Down» brukt. Denne versjonen har ein tidleg uttoning, noko som endrar lengda av songen til berre 5:17. Spor 5, «Problem Child», vart opphavleg gitt ut på Dirty Deeds Done Dirt Cheap i 1976. Dette er ein forkorta versjon av originalen, og manglar reprise-codaen. For den originale vinylutgivinga, i alle andre marknader enn USA, Canada og Japan, vart «Crabsody in Blue» brukt i staden for «Problem Child».

Medverkande AC/DC Bon Scott – solovokal Angus Young – sologitar Malcolm Young – rytmegitar, korvokal Mark Evans – bassgitar Phil Rudd – trommer, perkusjon

Teknisk Harry Vanda – produsent George Young – produsent Mark Opitz – lydteknikar Michael Fraser – mastering-rettleiar Al Quaglieri – mastering-rettleiar George Marino – mastering Eugene Nastasi – digital samansetning Bob Defrin – kunstnarisk leiar Richard Ford – plateomslag Gerard Huerta – skrift Murray Engleheart – platenotat

Salslister Liste (1977–1981) Plassering Australske album (Kent Music Report) 19

Liste (2003) Plassering

Salstrofé

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Let There Be Rock» frå , den 21. mai 2023. oppgav desse kjeldene:  

Kategori:AC/DC-album Kategori:Musikkalbum frå 1977 Kategori:Atlantic Records-album Kategori:Album produserte av Harry Vanda Kategori:Album produserte av George Young Kategori:Albert Productions-album