Houston Eugene Conwill () var ein amerikansk kunstnar som verka innan fleire kunstformer, men som særleg er kjend for offentlege skulptur-installasjonar i stor skala. Conwill var bilethoggar, målar og performance- og konsept-kunstnar med stadeigne verk som utforska og heidra åndelegheit og afroamerikanske kunstnarar, aktivistar og intellektuelle. Studio Museum in Harlem har omtalt livsverket hans som eit «lasting monument to black culture.»

Tidleg liv og karriere Houston Eugene Conwill var fødd i Louisville i Kentucky i 1947 som son av Mary Luella Herndon, ein pedagog, og Giles Adolph Conwill, ein kelnar. Han var den tredje i ein syskenflokk på seks. Far hans døydde då han var barn, og mormora hans (Estella Houston, som han var oppkalla etter) spelte ei viktig rolle i oppsedinga hans. Conwill blei oppdregen som katolikk, og mora var lærar og administrator ved ein hovudsakleg afroamerikansk sokneskule. Syster hans Estella Conwill Majozo er ein forfattar, diktar og professor. Minst ein av brørne hans, Giles Conwill, blei prest. Ei tid i slutten av tenåra budde Conwill i eit kloster i St. Meinrad i Indiana.

Etter å ha tent i luftforsvaret frå 1966 til 1970, blei Conwill student ved kunstfakultetet ved Howard University. I tida på universitetet arbeidde Conwill i lag med Sam Gilliam, Lois Mailou Jones og Skunder Boghossian, og tok inn tradisjonell afrikansk kunst stilt ut i galleriet til Howard. Det var her, og i den fyrste studentutstillinga i 1971, at Conwill byrja laga verk med lerret strekt over pyramideformer, eit motiv han kom til å bruka gjennom heile kunstnarkarrieren sin. Conwill gjekk ut frå Howard i 1973 og flytta med kona si, Kinshasha Holman Conwill, som også hadde gått ut frå kunstskulen, til California. Houston tok mastergrad ved University of Southern California og Kinshasha arbeidde som kurator ved Frank Lloyd Wright sitt Hollyhock House, der dei budde i to år.

Privatliv Conwill gifta seg med Karen Holman (også kjend som Kinshasha Holman Conwill) i ein ghanesisk seremoni ved Metropolitan Baptist Church i Washington D.C. i 1971. Han døydde 14. november 2016 av prostatakreft.

Kjende verk mini|ARC (1986) av Houston Conwill, laga av afrikansk messing i betong. Skuggen hans følgjer etsa og innlagde metallsirklar i underlaget rundt han.

I 1989 laga Conwill eit installasjonsverk til Museum of Modern Art sin serie Projects med tittelen The Cakewalk Humanifesto: A Cultural Libation. Ei ramme i etsa glas, som minna om rosevindauget i Chartres, var innskriven med ord og kart som projiserte mønster på golvet i galleriet. Verket omfatta også eit bord der det låg ei bok med brev skrivne av syster hans, Estella. Opplesing av breva var ein del av utstillinga.

Eit av dei mest framståande verka til Conwill er golvdesignet hans i terrazzo og messing ved Schomburg Center for Research in Black Culture, ein del av New York Public Library, som blei avduka i februar 1992. Golvverket ærar diktaren Langston Hughes, og oska hans er gravlagd i ei bokforma urne som er del av designet. Verket heiter Rivers, etter Hughes sitt dikt «The Negro Speaks of Rivers», og inneheld visuelle element frå joruba, haitisk voodou og kristne tradisjonar. Conwill samarbeidde med systera Estella att, og med arkitekten Joseph De Pace.

I 1986 laga Conwill Arc, ein installasjon i storskala, for inngangen til York College, CUNY campus ved 160th Street. Arc spennner 26 fot og er laga av metall, vanlegvis kjende som «African brass» eller afrikansk messing, innlagde i betong. Han er dekt av inkrusteringar av ulike symbol som stikk ut frå overflata etter at metalltråd er blitt smelta fast til henne. Arc er oksidert til ein grønfarge, liknande den til Statue of Liberty i New York. Verket omfattar også tre inkrusterte metallsirklar som er lagt inn i betong i bakken Kvar sirkel har eit ord som er repetert to gonger i store bokstavar. ‘MEMORY’ er plassert under bogestrukturen, følgd av ‘VISION’ nokre trinn over og så, etter nokre trinn til, ‘IMAGINATION’. Kvar sirkel er delt inn i fire like store delar med innlagde linjer som likna Yowa, kongo-kosmogrammet for kontinuiteten til menneskeliv gjennom reinkarnasjon. Mange symbol blir brukte av afrikanarar til å representera framhaldet av lulturen deira i USA. Alt etter tid på døgnet og plasseringa til sola flytter skuggen til Arc seg over metallsirklane på bakken.

Verk av Conwill er med i dei permanente samlingane til Museum of Modern Art i New York; Hirshhorn Museum and Sculpture Garden i Washington, D.C.; Museum of Contemporary Art, Los Angeles og Studio Museum in Harlem.

Utvalde verk mini|Well (1986) i Social security building i Jamaica i Queens. The Joyful Mysteries (1984–2034 A.D.), (1984), ved Studio Museum i Harlem i New York Arc (1986) ved York College, CUNY, New York The Open Secret (1986), mesanin ved 125th Street station i New York The Cakewalk Humanifesto: A Cultural Libation (1989) at MOMA, New York Poets Rise (1989), eksteriøret til Joseph P. Addabbo Federal Building i Jamaica i Queens i New York Rivers (1992) ved Schomburg Center for Research in Black Culture i New York Du Sable’s Journey (1991), med Estella Majoza og Joseph De Pace, i Harold Washington Library i Chicago Revelation (1993), also known as the Martin Luther King Jr. Memorial, med Estella Majoza og Joseph De Pace, ved Yerba Buena Gardens i San Francisco New Calypso (1994), med Estella Conwill Majoza og Joseph De Pace, i Park West Station i Miami The New Ring Shout (1995), i Ted Weiss Federal Building (nær African Burial Ground National Monument) i New York by

Utvalde utstillingar

1976 JuJu, The Gallery, Los Angeles 1980 Passages: Earth/Space H3, Nexus Gallery, Atlanta 1981 Easter Shout!, PS1, New York 1982 Afro-American Abstraction, Los Angeles Municipal Art Gallery, Los Angeles 1986 Houston Conwill: The Passion of St. Matthew—Painting and Sculpture, Alternative Museum, New York 1990 Houston Conwill: Project Series, Museum of Modern Art, New York 1990 Hirshhorn WORKS 89: Daniel Buren, Buster Simpson, Houston Conwill, Matt Mullican / Sidney Lawrence, Ned Rifkin, and Phyllis Rosenzweig, Hirshhorn Museum and Sculpture Garden, Washington, D.C. 1990 The Decade Show: Frameworks of Identity in the 1980s, New Museum of Contemporary Art, Museum of Contemporary Hispanic Art, and Studio Museum in Harlem, New York 2013 Now Dig This! Art and Black, Los Angeles 1960–1980, MOMA PS1, New York

Prisar og utmerkingar

1982 John Simon Guggenheim Memorial Foundation fellowship 1984 Rome Prize, USA 1987 Louis Comfort Tiffany Foundation award

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Houston Conwill» frå , den 19. mai 2023.

Kategori:USA-amerikanske kunstnarar Kategori:Afro-amerikanske kunstnarar Kategori:Folk frå Louisville i Kentucky Kategori:Døde i 2016