«Nine Lives» er ein song av det amerikanske hardrockbandet Aerosmith. Han vart gitt ut i 1997 som førstesingel og tittelspor frå albumet Nine Lives. Songen vart skriven av vokalist Steven Tyler, gitaristen Joe Perry og låtskrivaren Marti Frederiksen.

Songen startar med at Tyler imiterer kattejamring.

Hitlisteplassering «Nine Lives» vart gitt ut som ein promoteringssingel til rockeradio og nådde ein 37. plass på Mainstream Rock Tracks-lista i 1997.

På konsert På den lange Nine Lives-turneen deira frå 1997-1999 var «Nine Lives» nesten alltid opningsnummeret. Bandet framførte òg songen på nokre få TV-opptredenar, inkludert ein på Saturday Night Live.

I andre medium «Nine Lives» er ein av dei to temasongane framførte av Aerosmith brukt i videospelet Dead or Alive 3 for Xbox laga av Team Ninja. Han blir spelt under introen.

Songen blir òg spelt på Rock 'n' Roller Coaster Starring Aerosmith i Disney's Hollywood Studios i Walt Disney World. Denne er eksklusiv for «Limousine» (karusell) med nummerskiltet «1QKLIMO».

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Songen Nine Lives» frå , den 16. mai 2023. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Aerosmith-songar Kategori:Singlar frå 1997 Kategori:Songar skrivne av Steven Tyler Kategori:Songar skrivne av Joe Perry Kategori:Songar skrivne av Marti Frederiksen Kategori:Columbia Records-singlar Kategori:Songar produserte av Kevin Shirley