Wembley Conference Centre var eit konferansesenter som låg i Wembley Park i London og eksisterte frå 1977 til 2006.
Bakgrunn Utover i 1970-åra dukka fleire moderne fleirbruksarenaar opp i dei største byane i England. Blant dei var Wembley Conference Centre, som blei teikna av Richard Seifert for selskapet British Electric Traction Company. Arbeidet med bygginga starta i mai 1973, og senteret blei opna av Edward, hertugen av Kent, den 31. januar 1977. Hovudsalen, kalla Grand Hall, hadde plass til 2500 publikummarar. Eurovision Song Contest 1977 var eit av dei første store arrangementa som blei halde i senteret.
Konferansesenteret var del av eit større utviklingsprosjekt i området. Ved sida av senteret opna Greenwich Rooms and Elvin House, ein futuristisk, triangelforma kontorbygning på 722 kvadratmeter, og Wembley Exhibition Centre.
Opninga av konferansesenteret og utstillingshallen auka talet besøkande til Wembley Park, og den nærliggjande togstasjonen, Wembley Hill, blei døypt om til Wembley Complex i mai 1978. I 1987 blei stasjonen døypt om til Wembley Stadium.
Då Wembley Stadium og områda rundt stadionet skulle byggjast om i 2006, blei konferansesenteret rive for å gje plass til utbygginga.http://www.quintain.co.uk/~/media/Files/Q/Quintain/2013-full-year-results/archive/nov-06-a.pdf
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Wembley Conference Centre» frå , den 10. mai 2023.
Kategori:Konsertlokale i England Kategori:Eurovision Song Contest 1977 Kategori:Eurovision Song Contest-arenaer