Johan Martin Kjølholdt () var ein norsk fotballspelar frå Tune i Østfold. Han var angrepsspelar for Sarpsborg FK i tida 1955-68. I 1964 deltok han då SFK tapte NM-finalen mot Rosenborg BK. Han fekk 2 kampar i landslagsdrakta.

Karriere Klubbspel Kjølholdt spelte på Sarpsborg Fotballklubb sitt lag i 14 sesongar frå 1955 til 1968. Både i 1964 og 1965 la klubben beslag på tredjeplassen i 1. divisjon, Kjølholdt var toppskårar for laget begge sesongane. Hausten 1964 tok SFK seg finalen i noregsmeisterskapen. På Ullevaal stadion reduserte han på straffespark til 1–2 i sluttminutta, noko som også vart sluttresultatet i oppgjeret mot Rosenborg. Sesongane 1969-71 var Kjølholdt aktiv i 6. og 5. divisjon med Råde Idrettslag.

Landslagsspel Kjølholdt fekk sin landslagsdebut i Helsinki 8. august 1965, ein kamp som enda med heimesiger 4–0. Same året den 31. oktober kom han inn mot Sverige i Solna og spelte 15 minutt i det som vart hans siste landskamp.

Merittar Bronse i seriemeisterskapen: 1964 og 1965 med Sarpsborg FK Cupfinalist: 1964 med Sarpsborg FK

Kjelder eu-football

Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Sarpsborg FK-spelarar Kategori:Folk frå Sarpsborg