Boris Tadić () er ein serbisk politikar fødd i Sarajevo. Han var president i Serbia frå 2004 til 2012. Han var også telekommunikasjonsminister frå 2000 til 2003, og forsvarsminister frå 2003 til 2004.
Bakgrunn Han studerte sosialpsykologi i Beograd, og underviste ved eit gymnasium i byen seinare. Etter dette grunnla han og blei den første direktøren for Senteret for demokrati og politiske ferdigheiter.
Politik Tadić leia det vest-orienterte sosialdemokratiske partiet Demokratska stranka (Det demokratiske partiet). I første omgang av presidentvalet 13. juni 2004 kom han på andre plass med 27,3 % av røystene, bak den nasjonalistiske kandidaten Tomislav Nikolić. I andre valomgang 27. juni vann han med 53,2 % av røystene.
Han blei etterfølgd som partileiar av Dragan Djilas i november 2012, og blei samtidig vald til ærespresident av partiet.
Privatliv Tadić var gift med journalisten Veselinka Zastavniković frå 1980 til 1996. Dei skilde lag utan å ha fått barn saman. Paret blei kjent med kvarande på 1970-talrt.
Tadić var så gift med Tatjana Rodić, som han hadde to døtrer med. Paret blei separert i 2019.Alo Info re Tatjana Tadić
Kjelder
Kategori:Serbiske presidentar