John James Sykes () var ein engelsk gitarist, mest kjend som medlem av Whitesnake, Thin Lizzy og Tygers of Pan Tang. Han har òg fronta hardrockgruppa Blue Murder og gitt ut fleire soloalbum.

Etter ein periode i heavy metal-bandet Tygers of Pan Tang på byrjinga av 1980-talet, vart Sykes med i den irske hardrockgruppa Thin Lizzy på deira album Thunder and Lightning frå 1983. Han vart deretter med i Whitesnake, som han spelte inn det multi-platina-seljande albumet med same namn i 1987. Sykes vart likevel sparka frå bandet før plateutgivinga under bitre omstende, noko som førte til at han danna si eiga gruppe, Blue Murder. Etter to album og ei liveplate starta han ein solokarriere. Resten av 1990-talet og byrjinga av 2000-talet delte Sykes tida si mellom solokarrieren og eit reformert Thin Lizzy, som han fronta fram til 2009, då han forlét bandet for å fokusera på solokarrieren.

Påverka av folk som Jimmy Page, Ritchie Blackmore og Gary Moore, er Sykes kjent for den særeigne spelestilen sin, karakterisert av hans raske alternative plektering, bruk av overtonar og sans for melodi. I 2004 vart han inkludert på Guitar World si liste over dei 100 beste heavy metal-gitaristane gjennom tidene. I 2006 lanserte Gibson ein avgrensa serie med John Sykes Signature Les Paul-gitar, som var modellert etter hans Gibson Les Paul Custom frå 1978.

Diskografi

Soloalbums Out of My Tree (1995) Loveland (1997) 20th Century (1997) Nuclear Cowboy (2000) Bad Boy Live! (2004)

mini|Sykes i 2008. med Tygers of Pan Tang Spellbound (1981) Crazy Nights (1981) The Cage (1982) (spor 8 og 10)

med Thin Lizzy Thunder and Lightning (1983) Life (1983) One Night Only (2000)

med Whitesnake Slide It In (1984) Whitesnake (1987)

med Blue Murder Blue Murder (1989) Nothin' but Trouble (1993) Screaming Blue Murder: Dedicated to Phil Lynott (1994)

Med andre artistar +ÅrArtistAlbumSporRolleKjelde(r) 1992 Def Leppard Adrenalize Korvokal 1996 Ymse artistar Crossfire: Salute to Stevie Ray «Pride and Joy» Gitar 1998 Ymse artistar Merry Axemas 2 – More Guitars for Christmas «God Rest You Merry, Gentlemen» Gitar, produsent, miksar 2001 Phil Lynott Live in Sweden 1983 Alle spor Gitar, korvokal 2002 Hughes Turner Project HTP «Heaven's Missing an Angel» Gitar 2004 Derek Sherinian Mythology «God of War» Gitar 2016 Rick Wakeman, Tony Ashton Gastank «Growing Up», «The Man's a Fool» Gitar 2018 Ymse artistar Moore Blues for Gary: A Tribute to Gary Moore by Bob Daisley and Friends «Still Got the Blues» Gitar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «John Sykes» frå , den 26. april 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Engelske rockegitaristar Kategori:Engelske heavy metal-gitaristar Kategori:Engelske rockesongarar Kategori:Engelske heavy metal-songar Kategori:Thin Lizzy-medlemmar Kategori:Whitesnake-medlemmar Kategori:Blue Murder-medlemmar Kategori:Badlands-medlemmar Kategori:Folk frå Reading Kategori:Sologitaristar