mini|Ulla Pirttijärvi opptrer med Ulda ved Etno-Espa musikkfestival i Helsinki i august 2022. Ulla Pirttijärvi-Länsman () er ein samisk joikar frå Angeli (nordsamisk Áŋŋel), i Finland. Ho byrja karrieren sin med gruppa Angelin Tytöt, men forlet kort tid etter for å ha ein solokarriere. Ho framfører tradisjonell joik akkompagnert av vestlege arrangement på moderne instrument.http://www.discogs.com/artist/Ulla+Pirttij%C3%A4rvi Short Biography

Liv og virke Ulla Pirttijärvi voks opp med joik og annan song. Som ungt barn høyrde ho på mora og onkelen som song soger til henne, og ho song i lag med dei; då ho var ti kunne ho synga åleine. Ho byrja opptre offentleg med ei gruppe jenter som kalla seg Angelin Tytöt.

Pirttijärvi er svært engasjert i å frema samisk kultur og samisk sjølvstyre. I 1996 skreiv ho musikkboka Hoŋkoŋ dohkká, som vann ein kulturpris frå Nordisk sameråd, og skreiv og produserte eit tilhøyrande album med songar retta mot barn for å læra dei samisk språk og tradisjon.

Pirttijärvi bur i Utsjoki med dottera Hilda og sonen Nilla-Ande. I 2014 skipa Ulla og dottera Hildá Länsman musikkgruppa Solju, og i 2015 deltok dei i Uuden Musiikin Kilpailu i Finland med songen «Hold Your Colours».

Prisar og utmerkingar I 2007 blei Pirttijärvi-Länsman gjeven Áillohaš musikkpris, ein samisk musikkpris tildelt av Kautokeino kommune og Kautokeino sameforening for å æra viktig innsats vinnaren har gjort for samisk musikk.

Album

Hoŋkoŋ dohkká (1996) Ruošša eanan (1998) Máttaráhku askái (2002) Áibbašeabmi (2008) Ulda (2012) Roijk (2016) Ođđa áigodat (2018) Vulleš Heaika (2019) (single) Áššu (2019)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ulla Pirttijärvi-Länsman» frå , den 26. april 2023.

Kategori:Finske songarar Kategori:Samiske songarar