Ida Lindtveit Røse () er ein norsk politikar for Kristeleg Folkeparti.
Bakgrunn Ida Lindtveit Røse har ein bachelorgrad i europastudiar frå Universitetet i Oslo. Ho har arbeidd som rådgjevar for Abelia, NHO si foreining for kunnskaps- og teknologiverksemder, og arbeidd som seniorrådgjevar i lobbyselskapet First House.
Politisk karriere Røse sat i kommunestyret og var gruppeleiar for KrF i Oppegård kommune frå 2011 til 2019. I 2019 vart ho vald inn som gruppeleiar for KrF på fylkestinget i Viken.
Røse var leiar i Kristeleg Folkepartis Ungdom frå 2015 til 2017.
Den 26. mai 2020 vart Røse konstituert som statsråd for Barne- og familiedepartementet medan den opphavlege barne- og familieministeren Kjell Ingolf Ropstad avvikla foreldrepermisjon, frå 1. juni til og med 21. august 2020. Røse vart hermed den yngste statsråden i Noreg.
På landsmøtet til KrF den 22. april 2023, vart ho vald til andre nestleiar i partiet.
Familie Røse er gift med John Anders Lindtveit Røse, og saman har dei to born.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ida Lindtveit Røse» frå , den 22. april 2023.
Bakgrunnsstoff
Kategori:KrF-politikarar i Akershus Kategori:KrFU-leiarar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Solberg Kategori:Stortingsrepresentantar frå KrF Kategori:Stortingsrepresentantar for Akershus Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029