Lesbiini er ein av to biologiske tribusar (stammar) som utgjer underfamilien Lesbiinae i kolibrifamilien Trochilidae. Den andre stammen i underfamilien er Heliantheini («briljantar»). Det uformelle engelske namnet coquettes er foreslått for denne gruppa, her omsett til «koketter». Den største slekta i stammen, Lophornis, er òg nemnt koketter etter fellesnemninga i dei norske artsnamna. Per 2023 samlar denne stammen totalt 67 artar fordelte på 18 slekter. Leveområdet er avgrensa til Sør-Amerika med unnatak av tre koketter som lever avgrensa til Mellom-Amerika.

Fylogeni

Ein molekylær fylogenetisk studie av kolibriane publisert i 2007 fann at artane dannar ni store kladar. Då Edward Dickinson og James Van Remsen, Jr. oppdaterte Howard and Moore Complete Checklist of the Birds of the World for den 4. utgåva i 2013, baserte dei klassifiseringa si på desse resultata og plasserte to av dei ni kladane i underfamilien Lesbiinae. Kladane vart plasserte i separate stammar som dei kalla Lesbiini («koketter») og Heliantheini («briljantar»).

Molekylær fylogenetiske studiar av Jimmy McGuire og medarbeidarar publiserte mellom 2007 og 2014 bestemde forholdet mellom hovudgruppene av kolibriar. Dei latinske namna i kladogrammet nedanfor er dei som vart foreslått av Dickinson og Remsen i 2013.

Kladogram for kolibrifamilien:

Artsliste Stamme Lesbiini, «kokettar», i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023, med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler. Utval av slekter, samt IUCN raudlistekategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.

Kjelder

Artikkelen bygger på «Lesbiini» frå , den 18. april 2023

Referansar

Kategori:Kolibrifamilien