mini|Skilt ved inngangen til Blood-reservatet mini|Frå soldansseremonien i Blood Indian Reserve i 1953. mini|Story Robe frå 1800-talet Kainainasjonen (, káínaa, engelsk Kainai Nation eller Blood Tribe) er ei administrativ gruppe i First Nations i Canada frå sørlege Alberta. Ho hadde medlemmar i 2015, opp frå i desember 2013.Blood Tribe Registered Population - Aboriginal Affairs and Northern Development Canada -

kan omsetjast bokstaveleg til 'mange hovdingar' (frå , 'mange' og , 'høvding'), medan kan omsetjast dirkete til 'mange hovdingar-folk'. Dei tradisjonelle fiendane deira, prærie-cree-folk, kallar kainaiane , 'dekka av blod', eller 'blodtørstige', noko som har gjeve gruppa det engelske namnet Blood tribe.

Språket til kainaifolk tilhøyrer språkgruppa blackfoot; målføret deira ligg nærast dei til siksika og piikani. Dei er ein av tre nasjonar som tilhøyrer samansluttinga Blackfoot Confederacy.

På tida då det blei underskrive avtalar som Treaty 7 heldt kainaifolket til ved elvene Oldman, Belly og St. Mary vest for Lethbridge i Alberta. Kainaireservatet Blood 148, som ligg sør for Calgary, er det største reservatet i Canada med 4 570 innbyggjarar - 2016 Census Aboriginal Population Profile på  km² (545 sq mi).

Økonomi Folk frå kainainasjonen driv med ulike verksemder, og driv handel med nasjonale og internasjonale partnerar. Dei vinn ut det opal-aktige mineralet ammolitt, som er etterspurt i Asia for bruk i feng shui. Ammolitt er berre kjent frå Bearpaw Formation, der unike tilhøve i førhistorisk tid førte til at marint liv blei fossilisert til dette mineralet.Lawrynuik, S (Feb 22, 2017).' Over tid har ein funne fleire fossil frå havlevande dinosaurar her. Dei er lagra for studium ved Royal Tyrrell Museum, men tilhøyrer Kainainasjonen.Narine, S (2002).

I kulturen I 1960 blei kainaifolk og den rituelle soldansen deira filma til National Film Board of Canada (NFB) sin dokumentar Circle of the Sun. Stammeleiarar hadde frykta at dansen, som hadde vore forboden, var i ferd med å døy ut, og tillet filming av seremonien for å ha eit visuelt minne.

I 1973 gav NFB ut dokumentaren Kainai, som tek for seg bygginga av ein fabrikk på landområdet deira og konsekvensane av dette.

I samband med National Aboriginal Day i 2011 gav NFB ut Pete Standing Alone-trilogien, som omfattar Circle of the Sun, Standing Alone og filmen Round Up frå 2010, som tok for seg historia til kainainasjonen gjennom 50 år, i tillegg til livet til Pete Standing Alone.

Kainai NewsKainai News (1968-1991) var ei av dei fyrste urfolksavisene i Canada, og hadde ei viktig rolle i historia til urfolksjournalisme i landet. Ho blei gjeven ut i sørlege Alberta av Blood Indian Tribe og seinare av Indian News Media. Avisa tok for seg ulike lokalsaker innan reservatet i tillegg til nasjonale saker som Indian Act, Whitepaper frå 1969 og Bill C-31. Avisa er kjend for vitseteikningane til Everett Soop. Den fyrste redaktøren var Caen Bly, eit barnebarn av senatoren James Gladstone. Sun Dance EchoSun Dance Echo (1964-1966) var ein etterfølgjar til Kainai News. Redaktøren var Reggie Black Plume, og Hugh Dempsey bidrog med ein del artiklar.

Busetnader Kainaibusetnader er mellom anna:Blood Tribe - About Us & Communities listed

Bullhorn Fish Creek Ft Whoop Up Levern Moses Lake Old Agency Standoff

Kjende kainaifolk

Cherish Violet Blood - skodespelar Red Crow - 1887 Treaty Number Seven Chief Byron Chief-Moon - utøvar og koreograf Eugene Creighton (Owns Many Horses) Eugene Brave Rock - skodespelar og stuntmann Faye HeavyShield - kunstnar Marie Smallface Marule - akademisk administrator, aktivist og pedagog Natawista Iksina (1825-1893) - tolk og diplomat Jerry Potts Pete Standing Alone Seen from afar (1810-1869) - Peenaquim (Pe-na-koam, Penukwiim), leiar for Blood-stamma i Blackfootnasjonen Elle-Máijá Tailfeathers - kainai- og samisk skodespelar, produsent, filmskapar og kuratorassistent Tom Three Persons - rodeoutøvar og rancher, vinnar av saddle bronc-tevlinga ved den fyrste Calgary Stampede i 1912

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kainai Nation» frå , den 14. april 2023.

Bakgrunnsstoff

Blood Tribe Information Web* Kainai Studies - Post secondary educational entity dedicated to Blackfoot teachings Introduction to photo essay from 'Nitsitapiisinni: Our Way of Life' museum exhibit Concise description of the Blackfoot tribes Pete Standing Alone Trilogy, National Film Board of Canada Brief biography of former chief Roy Fox Kainai News (1968-1991) Blackfoot Digital Library Blood Tribe page at Treaty 7 Management Corporation website

Kategori:First Nations