Brunsbüttel er ein by og ein kommune sørvest i forbundslandet Schleswig-Holstein i Tyskland. Folketalet var 12 381 i 2021 og kommunen omfattar 65,2 km². Byen er ein hamne- og industriby ved munningen av Kielkanalen i Elben. Sluseverka ved Brunsbüttel er dei mest trafikkerte i heile verda.

Eit kjernekraftverk var i drift frå 1977 til 2011.

Friidrettsutøvaren Jennifer Oeser er frå Brunsbüttel.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Brunsbüttel» frå , den 13. april 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Schleswig-Holstein