Haustingefær (Hedychium coronarium) er ei plante i haustingefærslekta i ingefærfamilien. Arten kjem opphavleg frå Sør-Asia.
Utbreiing og habitat Haustingefær veks typisk i skog. Planta stammar frå lauvskog i Aust-Himalaya som ein finn i India (Sikkim og Tripura), Bangladesh, Nepal og Bhutan, heilt nord i Myanmar og Thailand, sørlege Kina (Yunnan, Sichuan, Hunan, Guangxi og Guangdong) og Taiwan. Ho finst no ei rekkje andre stader i verda.
Cuba Haustingefær er nasjonalblome på Cuba, der han er kjend som mariposa (bokstaveleg 'sommarfugl') på grunn av forma si. Kvinner pleidde å pynta seg med den velluktande blomen i kolnitida, og skal ha brukt blonmane til å skjula hemmelege meldingar under frigjeringskrigane på 1800-talet. Planta finst forvilla i det kjølige, fuktige fjellområdet i Sierra del Rosario i Pinar del Rio-provinsen i vest, Escambrayfjella sentralt på øya og i Sierra Maestra heilt i aust.
Noreg I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante og som vart funnen forvilla ved Drammen i 2006 og 2007. I Framandartslista 2018 er arten ikkje risikovurdert (NR).
Invasiv art Utanfor det opphavlege utbreiingsområdet kan haustingefær opptre som invasiv art i bekk- og sumpområde. Er han fyrst etablert kan han vera vanskeleg å få bort på grunn av vegetativ reproduksjon gjennom underjordiske rotknollar. Han vart innført til Brasil under slavetida, der blada skal ha blitt brukt av afrikanske slavar til liggeunderlad, og finst no forvilla i delstaten Rio de Janeiro (der han er rekna som invasiv), Bahia og Espírito Santo. Arten vart innført som prydplante til Hawaii kring 1888 av kinesiske innvandrarar, og er no rekna som ein invasiv art i fuktige og våte delar av Maui og øya Hawaii. Haustingefær er også rekna som invasiv i Sør-Afrika, der han er erklært som ugras og auking av planta er ulovleg. Han er også invasive på Ny-Caledonia.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Hedychium coronarium» frå , den 12. april 2023.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Haustingefærslekta