Villtulipan (Tulipa sylvestris) er ei plante i tulipanslekta i liljefamilien. Arten kjem frå Sør-Europa, Nord-Afrika og Kaukasia.
I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante og som først vart funnen forvilla i 1971. Arten er bufast og i rask auke. Han er lokalt vanleg i kyststrøk frå Østfold til Rogaland og spreidd vidare langs kysten til Møre med eit par funnstader vidare nordover til Bodø. I Framandartslista 2023 er arten registrert med potensielt høg risiko (PH).
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tulipanslekta